Vil ha bru over alle fjordar

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Om 20 år kan ein køyra ferjefritt frå Kristiansand til Trondheim. Iallfall om Statens vegvesen får det som dei vil.

Måndag la vegvesenet fram fire delrapportar om ferjefri E39, og konklusjonen er klar: Det er teknisk mogeleg å kryssa alle fjordar med brusamband, og med ei investering på 100 milliardar kroner vil køyretida mellom Kristiansand og Trondheim bli redusert frå 20 til 13 timar.

Innkorting av reisetid vil spara trafikantane for køyrekostnader på mellom fire og seks milliardar kroner i året, heiter det i delrapportane, som er delt opp i fire: Samfunn, fjordkryssing, energi og kontraktstypar og gjennomføringsstrategiar.

– Ferjefri E39 vil spara brukarane for tid og pengar, men den store samfunnsøkonomiske gevinsten kjem i tillegg. Langs heile kysten kan ein ferjefri E39 skapa større bu- og arbeidsmarknad, og forsterka klynger av bedrifter som utfordrar og utfyller kvarandre. Dette kan gje dramatiske effektar på verdiskapinga både lokalt og nasjonalt, heiter det i rapporten, som er sendt til Samferdselsdepartmentet.

LES OGSÅ: Slik kan Vestlandet bli ferjefritt

Det er venta at Nasjonal Transportplan vert lagt fram etter påske, og i løpet av året kjem Statens vegvesen med ein endeleg rapport for heile prosjektet.

– Utbygginga av ferjefri kyststamveg kan bli gjort i løpet av 20 år dersom det bli gjennomført samla, heiter det i delrapporten om gjennomføring.

Les saka på Sunnhordland.no!

Kva synest du? Er det på tide med ferjefri E39?