NRK vil starte ny digital radiokanal

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

NRK vil starte ny radiokanal

 – Kanalen vil få ein alternativ og rockeorientert profil. Her vil du få høyre både det beste frå rockehistoria og ny musikk som tåler å bli spelt meir på radio, seier radiosjef Marius Lillelien. I tillegg til musikk, skal den nye kanalen tilby humor, satire og nyheiter, går det fram av ei pressemelding frå NRK.

– Både kontakten med lyttarane og NRKs eigne undersøkingar viser at mange som har «vakse frå» P3 ikkje finn nokon kanal dei føler seg heilt heime i verken hos NRK eller blant dei kommersielle kanalane. Dei kan vi gi eit nytt tilbod til no, seier Lillelien.

LES OGSÅ: Korleis vart du du, Ronny Brede Aase?

Lansering i 2013 eller 2014
NRK vil også vidareutvikle den allereie eksisterande kanalen NRK Gull. Lanseringa vil skje i 2013 eller 2014, føresett at den nye kanalen blir godkjent.

Medietilsynet skriv på si nettside at søknaden frå NRK er mottatt, men at han ikkje er fullstendig. Tilsynet har derfor bedt om utfyllande dokumentasjon, før dei kan starte behandling av søknaden. Av nettsidene til tilsynet går det fram at alle søknader frå NRK som krev førehandsgodkjenning skal leggjast fram for Konkurransetilsynet for utsegn. Det skal også opnast for kommentarar frå andre interessentar. Seinast tolv veker etter mottatt søknad skal Medietilsynet gi ei rådgivande utsegn til Kulturdepartementet. Godkjenning må så bli gjort av Kongen i statsråd. (©NPK)

LES OGSÅ: Vil skrote lisensen og selje NRK