Spellemann-nominert

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 Tysdag vart nominasjonane til musikk-Noreg sin store fest Spellemannsprisen offentlege. Frida Amundsen er nominert i klassen Årets nykommar for albumet September Blue. Også berit Opheim er på lista, med albumet Himmelkvad med Nordic Voices/Berit Opheim. Albumet er nominert i klassen Komponist, det er Lasse Thoresen som er mannen bak musikken.

I same klasse finn me også vossavenene Farmers Market, med albumet Slow To The Rythm, der Stian Carstensen har komponert musikken. Same mann står bak tingingsverket som skal urframførast i palmehelga under den 40. Vossa Jazz. Farmes market er og nominert i Åpen Klasse. Årets Spellemann blir delt ut i eit fjernsynssendt show frå konserthuset i Stavanger 23. mars.

Les saka i Avisa Hordaland!