Vil ikkje opne for oljeverksemd utanfor Lofoten

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Open usemje

Navarsete innleidde på Sps landsstyremøte måndag og gjekk grundig inn i begge dei store stridssakene partiet har jobba med den siste tida: EØS-avtalen og oljeverksemd.

Etterpå tona ho ned dramatikken og forsvarte den avklaringa som Sp for eit par veker sidan blei tvinga til å gjere om EØS og framtidig regjeringsdeltaking.

– Sps standpunkt om EØS har lege fast sidan 2004. Det er inga endring av posisjonen vår at vi no seier det ikkje er aktuelt med reforhandling eller utmelding av EØS for å regjere vidare. Når det gjeld Lofoten, er eg ueinig med Ola Borten Moe. Vi har ulikt syn på dette. No får vi ein open og god debatt internt i partiet fram til landsmøtet, seier Navarsete.

LES OGSÅ: – Me må vurdera å trekka oss

Ein ærleg sak
Borten Moe tar tydelegvis usemja med stor ro. Han seier det er ei ærleg sak at det er ulike oppfatningar om oljeverksemda i desse havområda, og han meiner det er heilt ope kva landsmøtet vil bestemme seg for.

Han meiner framleis at han har lagt fram eit godt kompromiss, som blokkerer for opning av nye felt i neste fireårsperiode, men som vil reaktivere to sovande konsesjonar som blei gitt til Statoil i 1994 i Nordland VI.

Omsynet til klimaet og fiskeressursane var det viktigaste argumentet til partileiaren mot å opne for oljeaktivitet utanfor Lofoten.

– I dag veit vi at jorda ikkje tåler at vi tar ut og brenn all fossil energi som er funne. Det internasjonale energibyrået seier at mykje må bli verande ubrukt, dersom vi skal kunne stanse oppvarminga. Spørsmålet blir då om Noreg, som har vorte rikt på olje og gass, skal køyre i full fart og utvinne alle ressursar? spurte Navarsete.

Og gav sjølv svaret: Den olja og gassen som kanskje finst utanfor Lofoten, kan få liggje i fred ei god stund til. Det gjeld også det som måtte finnast i Nordland VI.

– Men varig vern bør heller ikkje vere aktuelt for Sp. Det kan komme ein dag då tryggleiken er høgare og reinsing av utslepp frå gass og olje er betre, sa ho.

QUIZ: Kva veit du om Senterpartiet?

EØS
Sjølv om Sp godtar at EØS-medlemskap er ein ufråvikeleg føresetnad for ei vidareføring av det raud-grøne samarbeidet, betyr ikkje det at partiet vil oppgi den aktive kampen for å løyse bøndene til EU.

– Vi leier an i arbeidet med å få ei betre samarbeidsform med EU enn EØS-avtalen. Sps langsiktige mål ligg fast. Og inntil vidare er det utruleg viktig for Noreg at vi har ei hand på rattet når den daglege EU-politikken blir utforma. Eg meiner at Sp i regjering kvar einaste dag viser korleis handlingsrommet kan utvidast, sa partileiaren.

Ho meinte også at Sp har bidrege til ei varig endring i norsk EU- og EØS-debatt ved å avmystifisere reservasjonsretten, vere meir kritisk til alle direktiv som kjem frå Brussel, stille meir inngåande krav til EØS-relevans og stå opp for norske interesser. Kort sagt: slutte å stå med lua i handa.

– Avklaringa vår om at vi går til val på den same plattforma som ved dei to siste vala, er ikkje ei avlysing av EØS-debatten, forsikra Navarsete landsstyredelegatane. (©NPK)