Systerkjærleik

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

RockinHaim

Dei tre systrene Este, Danielle og Alana Haim er fødde på slutten av 80- og starten av 90-talet, og er vaksne opp i San Fernando Valley i Los Angeles. Foreldra deira var svært musikkinteresserte; medan jentene var små, spelte foreldra i bandet Boomerang, saman med eit vennepar. Men samarbeidet gjekk i vasken, og far Haim fann i staden ut at dei kunne starte eit band saman med døtrene. Han spelte trommer, mor spelte gitar og song, medan døtrene vart opplærte i diverse instrument, i tillegg til at dei kora.

Familiebandet kalla seg RockinHaim. Då dei begynte å spele, var yngstejenta Alana berre fem år. RockinHaim spelte coverlåtar; kjende songar skrivne av blant andre The Eagles og Santana. Den første framføringa deira var på ein jødisk restaurant i Hollywood. Seinare turnerte dei lokalområdet i familiebilen, og spelte på små marknadar og barnesjukehus. Systrene vaks altså opp med gamal rockemusikk – men dei var også glade i r'n'b frå 90-talet, og øvde inn dansane frå musikkvideoane til Britney Spears.

Haim
I 2007 bestemte systrene seg for å prøve lukka åleine – utan foreldre, og med eigenskrivne låtar. Dei spelte sin første konsert i august. Konsertlokalet var stappfullt – hovudsakleg av dei gamle skulekameratane til jentene. Men kort tid seinare fekk også omverda opp auga for bandet. Dei kalla seg no Haim (uttala slik ein ville gjort på norsk) – det hebraiske etternamnet deira som tyder «liv». Alle tre syng, men Danielle er hovudvokalisten, i tillegg til å spele gitar. Este spelar bass, og Alana perkusjon.

Like etter oppstarten vart Danielle spurd av musikaren Jenny Lewis om ho ville vere trommis på den neste turnéen hennar. Dei to andre systrene var opptekne med skule – Alana gjekk på vidaregåande, medan Este studerte brasiliansk musikk ved universitetet UCLA – så Danielle takka ja. Etter turnéen heldt ho fram som gitarist for ein annan kjend musikar, Julian Casablancas. Sjølv om ho treivst på turnéane, innsåg Danielle at ho hadde mykje meir lyst til å jobbe med systrene sine. Haim måtte satse.

Forever
Bandet begynte å spele konsertar og skrive songar igjen. Dei fekk ein ny bandmedlem (og ikkje-familiemedlem), trommisen Dash Hutton. I juni 2012 la dei ut den tre songar lange Forever EP til gratis nedlasting på heimesida si. Utgjevinga vart raskt plukka opp av både musikkbloggarar og plateselskap – dei skaffa seg platekontrakt i USA og Storbritannia, og vart intervjua av all verdas nettstader. Songen Forever vart ein liten hit – og bandet var allereie kjent for å gi gode konsertar, bl.a. på bransjefestivalen SXSW i mars. I august deltok dei på utgjevinga Just Tell Me That You Want Me, ein hyllest til bandet Fleetwood Mac, som Haim er svært inspirert av.

Same haust la Haim ut på turné. Dei trekte fullt hus på sin eigen favoritt-konsertstad The Troubadour i Los Angeles, men varma også opp for Mumford & Sons og Florence + the Machine på deira turnéar. Dei gav ut ein ny singel, Don't Save Me, og vart mot slutten av året spådde å bli «lyden av 2013».

Først publisert i Norsk Barneblad.

Faktaboks