Ap: – Staten bør presse fram samanslåing

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ap vil bruke kommunetvang

Nestleiar Helga Pedersen seier til Klassekampen at partiet no går inn for å bruke tvang for å få ned talet på kommunar i Noreg, stikk i strid med Soria Moria-erklæringa.

– Dersom tre eller fire kommunar snakkar om å slå seg saman, skal ikkje den fjerde kommunen kunne stoppe det, seier Helga Pedersen.

Ho meiner frivilliglinja som regjeringa har følgt fram til i dag, rett og slett ikkje fungerer.

LES OGSÅ: Går inn for berre fire kommunar i Sogn og Fjordane

– Vi treng endringar over heile landet, men hovudbodskapen er at vi må begynne i dei større byane, seier Pedersen som har leidd arbeidet med nytt partiprogram for neste stortingsperiode.

Det er særleg storbyane som kjem til å trenge endringar først, seier Ap-nestleiaren, som lokkar med økonomisk påskjøning til kommunar som blir pressa saman. (©NPK)

Kva meiner du? Er det på tide å slå fleire kommunar saman?