Musikk og natur på Førdefestivalen

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Set grønt i fokus

– Naturen har vore til inspirasjon for musikk og musikarar opp gjennom historia, og gjer det framleis i dag. Det er utruleg spennande å utforske samanhengane mellom naturfenomen og musikalske uttrykk, seier direktør i Førdefestivalen Hilde Bjørkum. Ho minner også om at mange melodinamn er knytt til natur og at mange instrument er lag av naturmaterial.

Førdefestivalen handlar ikkje berre om naturen i musikken, men publikum vil også helga 4.– 7. juli bli invitert til store musikkopplevingar i naturen. Det blir konsert på Hafstad-fjellet, gapahuk-konsertar, musikk på gardstun, flakedans, vandring og storkonsert i parken ved elva Jølstra.

Førdefestivalen blir også sertifisert som grøn festival.

Sterke norske namn
Gruppa Majorstuen er det norske toppnamnet på plakaten i år. Dei har laga eit tingingsverk som heiter Kvitre og handlar om fuglar og fuglesong. Under urframføringa fredag 5. juli vil Majorstuen vere forsterka med ti unge, utvalde felespelarar frå heile landet.

Unni Boksasp Ensemble, som kjem med ny plate i februar, er også klare for festivalen. Vokalist Unni Boksasp skal dessutan medverke i ein ny konsertproduksjon som skal markere stemmerettsjubileet i eit internasjonalt perspektiv. Boksasp og Berit Opheim skal møte sterke kvinnestemmer frå Tunisia og Syria.

Arrangøren reklamerer også med eit sjeldan møte mellom to levande legender i norsk folkemusikk, Knut Buen frå Telemark og Leif Rygg frå Voss, og platedebutanten Kari Malmanger.

Rytmar frå vest og sør
Førdefestivalen er den største festivalen for akustisk verdsmusikk i Skandinavia og kan skilte med fleire artistar frå Sør-Europa og England.

Sør-Italia har ein særeigen pizzica- og taranta-tradisjon, og til Førde kjem Anna Cinzia Villano. Ho har vore med å gje nytt liv til pizzica-dansen som tradisjonelt handlar om å danse vekk sorger, og verknaden av eit tarantella-bit. Festivaldirektør Hilde Bjørkum lovar at publikum skal få høve til å lære den forførande dansen.
Engelske Kathryn Tickell, den baskiske trioen Kalakan og tyrkiske Aysenur Kolivar er også klare for Førde i juli. (©NPK)