I 2011 jubla miljøorganisasjonane over regjeringa sitt «oljenei» i Lofoten, Vesterålen og Senja. Omkampen som no vil finna stad burde ikkje koma som ei overrasking på nokon.

Det var nemleg ikkje eit endeleg nei til boring regjeringa kom med for to år sidan, i alle fall ikkje frå Arbeidarpartiet – snarare var det eit utsetjingsvedtak. Det er ikkje den første konfliktfylte saka Ap utset i påvente av at gemytta skal roa seg.

Også denne saka er ei brikke i det politiske strategispelet. Kvifor valte Stoltenberg å fronta sitt standpunkt for konsekvensutgreiing i dei sårbare områda i nord no før valet? Ved å venta med å ta opp saka til etter valet kunne Ap moglegvis ha sanka fleire stemmer blant dei miljøbevisste veljarane. At dei likevel valte å koma med det oljeoffensive utspelet no, kan tyda på at dei går inn for å kapra veljarar frå den veksande høgrefløyen.

Og ingen treng å tvila på kva ei konsekvensutgreiing eigentleg inneberer. Å tru at Ap vil gå inn for ei kostbar utgreiing utan å opna for boring, er naivt. Dette er, som AUF påpeikar, starten på ein opningsprosess.

Med den kunnskapen som allereie er innhenta om dei aktuelle områda, burde det heller ikkje vera naudsynt med ei ny utgreiing. Me veit allereie at boring i Lofoten, Vesterålen og Senja vil føra til store konsekvensar for mellom anna fiskenæringa, verdas største kaldtvasskorallrev og verdas siste store torskestamme. Samstundes veit me at meir enn to tredjedelar av verdas kjende førekomstar av olje og kol må verta liggande under bakken om me skal klara å unngå katastrofale klimaendringar. Dette i seg sjølv burde vera nok til at Ap la band på seg og skrinla dei miljøfiendtlege planane om boring i nordområda.

I motsetnad til Høgre og FrP, som ikkje prøver å legga skjul på sin klimaskepsis, talar Ap med to tunger. I partiprogrammet vedkjenner dei at det er dei rike landa som har hovudansvaret for klimaproblemet og at dei globale CO2-utsleppa på kuttast med 50-85 prosent innan 2050 om me skal ha håp om å nå togradersmålet. I same program står det at Ap vil oppretthalda leiteaktiviteten etter olje og gass. Dette er to mål som ikkje kan sameinast, i alle fall ikkje om Ap erkjenner Noreg sitt ansvar i klimakampen. Eller er det slik at Noreg kan halda fram med å pumpa opp olje og gass så lenge me sender alt utanlands og forsyner plattformene med rein energi frå land? Er det greitt at me bygger vår velstand på ei klimafiendtleg næring så lenge me overfører utsleppa til Tyskland og Skottland?

Drivhuseffekten er eit eksperimentelt verifisert fenomen. Det burde derfor ikkje vera mogleg å tvila på at menneskeskapte CO2-utslepp fører til global oppvarming. Det er ikkje tilfeldig at CO2-konsentrasjonen i atmosfæren har auka betydeleg sidan før-industriell tid, sjølv om Høgre og FrP vil ha oss til å tru det. Om Ap går inn for boring i Lofoten, Vesterålen og Senja har dei bevist ein gong for alle at dei ikkje klarar å tenka lenger enn fram til neste val. Då kan dei like gjerne stryka miljø frå partiprogrammet, for då viser dei at det einaste dei bryr seg om er valresultat – og ikkje ei berekraftig framtid.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.42

LES OGSÅ

ANNONSE