Attende med catchy pop

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

For sju år sidan platedebuterte Eva Weel Skram saman med ektemann Thomas Stenersen som Eva & The Heartmaker. No er duoen attende med albumet Traces Of You.

Frigjerande prosess
Denne gongen flytta dei like godt studio heim.

– Det har vore frigjerande å jobba med dei nye låtane heime på kjøkenet. Det har blitt meir bass, trommer og gitar, meir basic, seier Stenesen i ei pressemelding.

Bilmusikk
Det er ikkje berre innspelinga som har teke ei ny vending sidan førre album, Dominos.

Slik beskriv plateselskapet lyden av den nye skiva:

”Traces Of You er energisk og catchy – hjertemakerne lagar framleis musikk å køyre bil til, med vind i håret og olbogen ut vindauget, men der Dominoes høyrde heime på Autobahn, er Traces Of You laga for flyfilma cabriolet-køyring høgt over nordvestlandske fjordar.”

Gå til musikksidene våre!

Radiohits
I 2006 slapp dei debutalbumet Behind Golden Frames, før dei i 2009 følgde opp suksessen med Let´ s Keep This Up Forever. I 2011 hausta gruppa heiderleg omtale i mellom anna New York Post, i tillegg til ein spellemanns-nominasjon og MTV-pris. Fjoråret nytta dei i hovudsak til å jobba med det nye albumet, men i år er dei attende med turnear både ute og heime.

Albumet Traces of You blir utgjeve 4.februar, og singelen Joanna har allereie byrja å fengja P3 sine lyttarar.

Les saka i Sogn Avis!