Her er halvparten overvektige

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

På landsbasis har 25 prosent av norske menn litt ekstra å bere på. Tala er basert på vekta på alle soldatar som kom på sesjon målt gjennom sju år.

Alf Lorentsen, helse- og sosialsjef i Karlsøy i Troms, seier til NRK at han tek tala på alvor. I Karlsøy må nå både foreldre og kvar enkelt overvektige unge mann ta ansvar for at kommunen skal koma seg ned frå overvektstoppen.

– Kommunen vil også ta sitt ansvar med å bidra med informasjon, og vi må drive med holdningskampanjer, seier helsesjefen til NRK.

LES OGSÅ: Gitarspeling hjelper mot fedme

Nederst på lista over overvektige finn me Gjerdrum i Akershus og Hornindal i Sogn og Fjordane. I desse kommunane var det berre 14,8 prosent av mennene som var overvektige.

Av storbyane er det Oslo som har dei lettaste mennene. Her er 19,1 prosent av mennene overvektige.

LES OGSÅ: Tenkjer seg tjukke