Fekk fiskepris i kokke-VM

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg er utruleg stolt av dei norske kokkane våre. Gong på gang hevdar dei seg i verdenstoppen og set Noreg på det kulinariske kartet, seier statsråden i ei pressemelding. 

Berg-Hansen er sjølv til stades i Lyon for å følgja konkurransen og heia på Noregs deltakar. 

– Norske kokkar er kjent for sine gode råvarekunnskapar. Det gjer dei til nokre av dei beste ambassadørane våre – for Noreg, kokkekunsten, norske råvarer og ikkje minst all den fantastiske sjømaten me har å by på, seier statsråden. 

Noreg eksporterer sjømat for meir enn 50 milliardar kroner årleg, og sjømat er dermed eit av landets viktigaste eksportprodukt etter olje og gass. 

Den norske mesterkokken Ørjan Johannessen frå Austevoll vann i fjor Europamesterskapen i kokkekunst og kvalifiserte seg direkte til VM i kokkekunst, Bocuse d’Or Lyon. Han konkurrerte i Lyon saman med sin commis Julie Ekse Jenssen.

Frankrike vann Bocuse dÓr. Sidan 1993 har Noreg vunne fire gull, medan Frankrike no har fått sin femte gullmedalje. Sist gong ein nordmann vann var det fitjarbuen Geir Skeie som vann i 2009. Sjå liste over vinnarane her!