Arbeidernes Ungdomsfylking (AUF) skal for første gong sidan terrorangrepet 22. juli 2011 arrangere sommarleir.

NPK-NTB
NPK-NTB

Sommarleiren blir arrangert første veka i juli på Gulsrud kring seks kilometer frå Utøya, like ved Tyrifjorden.

– Det er ein flott stad, og det blir lett for oss å arrangere sommarleir der, seier AUF-leiar Eskil Pedersen til Dagbladet.

Han anslår at om lag 1.000 AUF-medlemmer vil delta på leiren.

– Det blir den største samlinga vår på lang tid, og eit arrangement som vil handle om politikk og å lære om politiske saker, men også det å få nye venner, spele musikk eller fotball. Samtidig blir det valkamp-kickoff-en vår, seier Pedersen.

Han understrekar at tryggleiken blir høgt varetatt. Det er viktig at arrangementet både blir trygt og vert opplevd som trygt, fortel han.

– Vi vil ha stort fokus på tryggleik med helsepersonell- og tryggingsberedskap til stades. Vi er opptatt av at det skal vere ein låg terskel for å delta og vil tilretteleggje for dei ulike behova til medlemmene. Nokre vil kanskje vere der ein dag, eller komme på eit dagsbesøk, og vi må leggje til rette for at det blir hyggjeleg også for dei.

Vi respekterer sjølvsagt også at nokre kanskje ikkje vil delta i det heile. Her må vi gi kvarandre den tida vi treng, seier AUF-leiaren.

Det har ikkje vore aktuelt å arrangere sommarleir på Utøya i år, legg han til, og seier arbeidet på Utøya enno ikkje er ferdig. (©NPK)

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.42

LES OGSÅ

ANNONSE