– Torsken er havets Houdini

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Dette er havets Houdini

Forskarane går så langt som å kalle torsken for «havets Houdini», skriv Forskning.no.

Dei har basert seg på innrapporterte rømmingar mellom 2006 og 2009. Årsaka til at oppdrettslaks rømmer, er i stor grad at utstyr sviktar eller blir øydelagt. Tala viser at 68 prosent av rømt fisk slapp ut på grunn av det som blir omtalt som strukturfeil.

LES OGSÅ: Øl-svolten torsk

– Typiske strukturfeil er feil med fortøyingar, at flytekragen kollapsar eller rett og slett at det oppstår hol i nótposen. Uvêr er sjølvsagt ei medverkande årsak til desse rømmingane, seier seniorforskar Østen Jensen ved Sintef Fiskeri og havbruk.

Forskarane fann ut at kvar fjerde torsk som rømte klarte det gjennom hol som enten var laga av rovdyr eller fisken sjølv. For laks gjeld dette éin prosent.

– I motsetning til laks og aure, bit torsken gjerne i nótlina og lagar hol i nótveggen. Torsken viser dessutan stor interesse for slike hol og prøver i langt større grad enn laks og aure å svømme gjennom, seier fiskeforskaren. (©NPK)

LES OGSÅ: Så viktig er fisken for Noreg