Her er oversynet over kva for fylke som treng flest ingeniørar.

mm
Faktaboks

Her er det mest trong for ingeniørar:

Hordaland: 1775
Buskerud: 875
Rogaland: 850
Trøndelag: 550
Oslo og Akershus: 500
Møre og Romsdal: 100

LES FAKTALUKK FAKTA

Norske føretak leitar over heile Europa for å finne ingeniørar. Men det er store skilnader mellom fylka. Hordaland treng 1.775 ingeniørar, mens Aust-Agder og Finnmark ikkje treng nokon. I alt er det no kring 5.500 ledige ingeniørstillingar, ifølgje ei oversikt frå NHO.

– Det hjelper godt at teknologi- og ingeniørfaga no har 20 prosent fleire søkarar enn i fjor. Men det er ikkje nok. Gjennom å gje noko høgare stipend til dei faga vi treng, kan me prøva å gjera det meir attraktivt å velja desse. Det betyr så klart at nokre fag vil måtte få noko lågare stipend òg, seier NHOs administrerande direktør Kristin Skogen Lund til NHO.no.

Ho er òg oppteken av at norsk karrierevegleiing må styrkjast på alle nivå. Det kan føra til at elevar og studentar får større merksemd på etterspurnaden til arbeidslivet og gjeldande framskrivingar.

LES OGSÅ: – Spennande å vera ein del av oljeeventyret

Heilt sidan 2002 har kvar einaste offentlege utgreiing, forskningsrapport og stortingsmelding slått fast at det er behov for å auka rekrutteringen til realfaga.

– Difor har forslaga våre vore konkrete. Men vi treng òg suksesshistorier som "Jenter i realfag" frå Agder der eit rekordhøgt mengd jenter søkjer realfag ved vidaregåande skular – det er no fleire jenter enn gutar som søkjer denne vegen, seier Skogen Lund.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.42

Kommentarar

ANNONSE