Kjempar mot rekordstor arbeidsløyse

Kristine Askvik
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 På eit utsiktspunkt over Portugals hovudstad, ser ein utover ein flott by. Utsikten herifrå har ikkje endra seg dei siste åra, men det har utsiktene inn i framtida. Vi er i eit land kor presidenten har rådd dei som har høve til det å forlate landet.  Jose Guerreiro mista lærarjobben på grunn av den økonomiske krisa Portugal og ei rekkje andre land i Europa, er råka av. No står han ved utsiktspunktet over byen sin, peiker og forklarar.  

Rundt han står ein gruppe unge turistar frå Spania, Japan og Italia.  Då Jose og fleire vener av han plutseleg vart arbeidsledige, vart dei tvinga til å gjere noko for å skaffe seg ein levevei. No er dei i ferd med å byggje opp ein annleis guideverksemd.  

– Vi måtte gjere noko for å sleppe å flytte til utlandet. Eg er glad i byen min og landet mitt og vil ikkje flytte nokon stad, seier Jose.

LES OGSÅ: Rekordmange arbeidslause i verda 

Utradisjonell guiding
Saman med fire vener har han skipa Lisbon Chill Out. Førebels er dei ikkje registrert som ei verksemd, men det skjer straks. Dei jobbar med guiding av turistar, men ikkje på den tradisjonelle måten.

 – Turane våre er i utgangspunktet gratis og så kan folk betale det dei måtte ynskje når turen er gjennomført. Dei kan betale kva dei synes den er verdt og kva dei har råd til, seier Jose.  På sikt er også målet å vise Lisboa frå ei anna side enn det som har vore vanleg.

 – Vi ynskjer å syne fram alle sider ved byen. Vi ynskjer at turistar skal få møte vanlege portugisarar, få høyre om korleis krisa no råkar folk flest. Etter kvart vil vi òg inkludere menneske med ulike handicap til å jobbe for oss, menneske som til vanleg fall utanfor i samfunnet, seier Jose.  

Turistane som Jose nettopp har guida, slår seg ned ved same bord som han og bestiller nokre øl. Det er så vidt varmt nok til å sitje i ro. Dei vert nysgjerrige når Jose fortel og vil vite meir. De har fått vite om Lisbon Chill Out gjennom venner.  

– Sprei gjerne ordet vidare om de er fornøyd. Om dykk ikkje likte turen, trenger dykk ikkje seie noko, seier Jose og smiler lurt. Turistane ler. Ingen tvil om at jungeltelegrafen vil gå  etter kveldens tur i Lisboas gater.  

LES OGSÅ: Turistar vil treffe fleire lokale

Trur på turisme
Jose trur nedgangstidene i Portugal vil halde fram i tre til fire år til, men har tru på at turismen vil vere solid. Det er difor dei vel å satse nettopp på det.

 – No er vi ute og finn ut kva folk er interessert i. Vi tilbyr turar kvar einaste dag. Vi går og med ein draum å tilby turar spesielt tilpasse einskilde kreative grupper som kunstnarar og fotografar. På den måten kan vi hjelpe desse med å livnære seg. Dette er grupper som slit spesielt no under krisa, seier Jose.   

LES OGSÅ: – Unge betaler den høgaste prisen