For Bendik Øye (21) er det å stå på twintip det beste i verda. Derfor ventar han alltid på snøen, og brukar han 250 av årets dagar på triksing og hopping.

– Eg fylgjer ei ein draum dei fleste andre har gjett opp å fylgje. Eg vakar mellom det å vera god og verkeleg god. Men for meg har det å nå målet ikkje så mykje å seie, det er vegen til målet som er det viktige.

Bendik Øye bur heime på Gol, jobbar litt turistkontoret for å finansiere og har gjeve seg litt meir tid til å fylgje draumen. Sjølv om han ser på den som litt urealistisk, er den draumen er å kunne leve av køyringa.

– Skal ein leve av dette som ei heiltidsstilling eller satse mot VM og OL, då må ein verkeleg ofre alt. For meg er OL neste år uaktuelt, men eg håpar framleis på å vera med i ein ordentlig skifilm.

Så Bendik satsar, og brukar all si tid på ski. Men etter boka føler han at han ikkje har fleire år på å dyrke draumen, at han slik lever litt på lånt tid.

Vaksenpress frå alle kantar
– Å gje opp ein draum frå barndommen, for å tråkke rundt på studiar eg er usikker på, det ville gjett meg eit mykje kjedelegare liv, seier Bendik.

Men han føler på presset, frå familien og samfunnet, frå alle andre kantar enn skimiljøet. Og han meiner det er eit stort vaksenpress i Noreg generelt. 

– Når du har fylt 21 år, er det forventa at du ikkje skal leike rundt lenger. Men eg tenkjer at dette ikkje er verre en jamaldringane mine, som sullar rundt på studium utan å vite heilt kva dei vil og drikk seg fulle kvar helg. Dei gjer på ein måte det samfunnet har valt.

LES OGSÅ: – Ein skal ikkje liggja på sofaen

Vert proff eller gje opp
– Det er mange som ikkje forstår kvifor eg gjer dette. Som tenkjer det er berre to vegar, anten å bli proff eller å gje opp. Mange tykkje ikkje det er rett, eller kult nok, å halde på berre fordi ein tykkjer det er verkeleg moro, forklarar Bendik.

Men han gjer det likevel. Fordi han tykkjer twintip er det kulaste i heile verda. Fordi det er utallige triks å gjere, og høve til å finne på nye. Fordi eit triks kan gjerast på tusen måtar. Fordi det heile kan verte ei blanding mellom idrett og kunst.

– Å stå på twintip gjev deg høve til å utfordre deg sjølv på mange måtar. Ein kan til dømes satse på konkurranse eller berre på film.

Heime
Bendik byrja leike rundt på ski då han var halvanna år. Då han var åtte år byrja han med alpintreningar, og nådde eit godt nasjonalt nivå. Men så oppdaga han twintip, og kor mykje meir spanande det var å hoppe. Han vart dårlegare på alpint, og treningane vart eit ork.

– Twintip vart eg genuint interessert i, og gjennom vidaregåande vart eg flinkare, forklarar Bendik. Men eit år med idrettsstudiar på Lillehammer gjorde han dårlegare, så då gjekk ferda heimatt. Så knakk han ein kode, vart mykje betre og følte han sto på ski på ein heilt ny måte. Ein måte som ikkje var tilgjort.

– Eg har mykje å takke skibakken her heime på Gol for.

For sjølv om det gjævaste er å køyre i Colorado i USA, har heimebakken mange kvalitetar ein twintip-køyrar ser etter: kort heis, fine rekkverk og gode preparerte hopp.

– Alt handlar om å køyre mest mogleg på ski, forklarar Bendik. Så sesongen byrjar med å køyre på gamalt kunstgras 1. september, og til saman vert det 250 skidagar i året.

LES OGSÅ: Ekstremt unytta potensial

Alt flyt
Bendik føler ikkje åra med satsing har kosta for mykje, sjølv om kjærasten skulle ynskje det var mindre ski. Av skade har han berre opplevd ei hjerneristing og ein brekt tommel frå tida på alpint.

– Den beste kjensla er når alt flyt og eg klarar å hamre trikset. Elles er det veldig moro å berre herje rundt med kompisar, ta ein salto og ende på hovudet, og så berre le godt av det.

Han har aldri vore så lei at han har hatt lyst til å slutte. Slik folk han har køyrt i lag med har gjort, dei som berre hadde 150 skidagar i året.

Sjølv om han ikkje når draumen, og er usikker på kor lang tid han kjem til å vie all si tid til køyringa, håpar han å kunne halde fram med å stå på ski heile året

– Eg vil vera ein 30-åring som har det moro i ein terrengpark. Om eg aldri blir proff, så er twintip noko eg kjem til å ha glede av heile livet, avsluttar Bendik Øye.

Les fleire artiklar frå Livet-sidene våre!

Bendik Øye- Hintertux 2011 from Bendik Ulshagen Øye on Vimeo.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.41

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE