Dei første tømmerstokkane til Hopperstad stavkyrkje i Vik i Sogn vart felte vinteren 1131– 32. Det utfordrar Urnes stavkyrkje, som er rekna for å vere eldst i landet. 

NPK
NPK

Det vart gjort feltarbeid på Hopperstad hausten 2011. Analysar av boreprøvar viser at tømmerstokkane har 191 åringar.

– Dette mønstret, henta ut av den eine staven i nordre rekkje, avslører at stokken vart hoggen vinteren 1131– 32, seier førsteamanuensis og ekspert på årringdateringar Terje Thun ved NTNU til Sogn Avis. Hopperstad stavkyrkje kan dermed vere like gammal som Urnes stavkyrkje i Luster, som er rekna for å vere den eldste i landet.

LES OGSÅ: Noregs eldste boge

– Det kan tyde på at Hopperstad stavkyrkje hadde same byggjefase som noverande Urnes stavkyrkje. Nordveggen i Urnes er gjenbruk frå ei tidlegare kyrkje som stod på staden. Det er også sannsynleg på Hopperstad, at kyrkja som står det i dag, hadde ein forgjengar, seier Thun. Urnes stavkyrkje er etter ei årringdatering oppført av tømmer hogd i åra frå 1129 til 1137. (©NPK)

LES OGSÅ: Lag ditt eige digitale museum

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.41
ANNONSE