Inderleg debutant

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I haust debuterte Siw-Anita Kirketeig (24) med diktsamlinga Alt kjød er grønt gras. “Inderleg lyrikk” kalla Dag og Tid debutboka, som handlar om tap, død, kropp, natur og tru.  

Vi har spurd Kirketeig om korleis det er å arbeide fram ei diktsamling, vere debutant og vere personleg i eigne tekstar.  

Lever med teksten  
– Korleis er det å arbeide så lenge med ein tekst?

– I utgangspunktet arbeidde eg i to år med ein tekst eg tenkte skulle verte ein roman, men for å få til å skrive slik eg ville, måtte eg gi slepp på forma, og førestellingane eg hadde om teksten, og i løpet av to-tre månadar var det ikkje lenger ein romantekst, men eit manus beståande av små lyriske tekstar. Eg oppdaga at eg ikkje var så interessert i å fortelje ei historie, men meir i ei form for utforsking, skriv Kirketeig i ein epost.

 – Korleis arbeider du?

 – Boka er ikkje skriven frå A til Å, eg starta frå eit punkt og let teksten vekse frå dette punktet, så det å finne rekkefølgja på tekstane, og arbeide fram ein tydeleg bevegelse i teksten, var utfordrande. Eg har arbeidd med ein slags overordna bevegelse, samstundes som eg har vore opptatt av korleis tekstane hektar seg på kvarandre, dei små bevegelsane.  

– Å legge frå seg teksten er nesten ikkje mogleg for meg, eg lever med den. Eg kan sjølvsagt legge det fysiske manuset vekk, og det har eg gjort i periodar for å kunne ha eit friskare blikk på teksten når eg tar det fram igjen, men sjølve prosjektet, det eg forsøker å utforske, er der heile tida, eg arbeider og arbeider med det i tankane, noko som også er viktig.  

– Korleis avgjorde du til sist at samlinga var ferdig?  

– Det er litt vanskeleg å forklare, men eg opplever det som at tekstane som heilskap etter kvart får ein slags eigen logikk, det er som om tekstane etter kvart viser meg kva som manglar. Andre gonger er det vanskeleg å sette ord på kva det er som ikkje stemmer, det kan til dømes vere ein følelse av at begynninga ikkje sitter som den skal, og då gjelder det å arbeide med tekstane til ein føler at den sitter. Det er eit arbeid som kan vere ganske intuitivt, ein prosess som eg ikkje heilt har ord for. Ein tekst kan nok alltid verte betre, ein kan flikke og endre i det uendelege, men når eg har skrive fram eit manus, opplever eg det i stor grad som at det er bevegelsen i teksten eg arbeider med, og når denne bevegelsen kjennes ferdig, kan eg seie at teksten er ferdig.  

LES OGSÅ: – Nye norske nynorskpoetar har noko å seia

Nødvendig å skrive  
– Kvar kom ønsket om å vere forfattar frå?

 – Det veit eg ikkje heilt, eg har ikkje tenkt så veldig mykje på forfattarrolla, det har heile tida vore sjølve skrivinga som har oppteke meg. Det låg ein fridom der. Ei heilt opa verd. Eg har alltid følt det meiningsfullt og nødvendig å skrive. Då eg kom inn på Skrivekunstakademiet, bestemte eg meg for å satse på skrivinga, og i løpet av det året fekk skrivinga eit feste i meg, som sidan ikkje har sleppt taket.

 – Kvar hentar du inspirasjon og idear frå?

 – Det hentar eg i stor grad frå mine eigne interesser og erfaringar, eg ønskjer å skrive om noko eg har kunnskap om, og eg er avhengig av at det ligg ei nødvendigheit i skrivinga. Eg kan ikkje skrive kva som helst, det må følast viktig. Elles vert eg sjølvsagt inspirert av andre som skriv, for det meste les eg dikt. Dei beste bøkene for meg er kanskje dei som har eit språk som deler meg mellom ønsket om å fortsette å lese, for å kunne vere i det språket, og ønsket om å legge frå meg boka, slik at eg sjølv kan skrive.  

LES OGSÅ: Oppvask

Eit friare landskap  
Forlaget kallar Alt kjød er grønt gras for sorgarbeid. I samlinga er det ei spenning mellom det verdslege og det himmelske, og mellom eg-et og du-et.  

– Kor personlege er dikta?

– Eg vil eigentleg ikkje at dikta skal knytast til ein spesifikk person. Det kjennest litt for personleg for meg at det skal vere så direkte uttalt. Eg er likevel opptatt av å skrive om noko eg har erfaring med på ein eller annan måte, og boka har derfor eit personleg utgangspunkt, men eg opplever at det skjer noko med desse erfaringane når dei vert behandla i eit litterært språk, det oppstår eit nytt landskap, som er friare, og som for meg, i stor grad er knytt til eit språkarbeid. Språkarbeidet er for meg minst like viktig som det tekstane handlar om.  

I diktsamlinga ber eg-et om å bli synt store teikn, og bli synt at “livet ikkje er bunde til ròte”. Du-et vil skjenke eg-et ei tru, men eg-et kan ikkje ta i mot. Eit forhold mellom å vaske seg rein og å kunne ta i mot denne trua vert òg skildra.  

– Ligg det ei form for religionskritikk i samlinga di?

 – Dette med tru er vanskeleg å skrive om, og det er vanskeleg å skulle seie så mykje meir om det enn det som allereie vert sagt i boka, men det dreier seg absolutt om eit komplisert forhold til det å tru. I boka gjer eg-et eit slags forsøk på å finne ut om det er mogleg å ta til seg denne trua som du-et hadde, men finner ut at det ikkje er mogleg.  

Kirketeig er for tida i gang med eit nytt prosjekt, som ho håper kan verte ei bok.

LES OGSÅ: – Nynorsk tvinga meg til å utvikle språket 

Først publisert på Magasinett.

Faktaboks

Siw-Anita Kirketeig er frå Dale i Sunnfjord.

Ho bur i Bergen, der ho tidlegare har gått på Skrivekunstakademiet.

No går ho på Kunst- og designhøgskolen.