Beady Belle gir ut litterære tonar

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

No kjem resultatet av den boklege inspirasjonen. «Cricklewood Broadway» er det sjette albumet i rekkja frå Beady Belle, som i tillegg til Lech består av bassist Marius Reksjø og trommis Erik Holm. Allereie før gruppa hadde bestemt seg for å gå i gang med neste plate, var det bestemt at ho skulle vere basert på ei bok.

– Ein ting er bøker som går til hjartet, som gir ein noko. Eg ville ha noko som gav ein trigger, fortel Beate S. Lech.

Universell roman
Triggeren ho leitte etter fann ho i «Hvite tenner», suksessromanen den britiske forfattaren Zadie Smith debuterte med i 2000. Ei bok lagt til London og eit fleirkulturelt miljø. Identitet, integrering, det å høyre til og fundamentalisme er av tema for boka, skildra med humor og eit rikt persongalleri. Platetittelen er henta frå den første scena i romanen.

– Boka handlar ikkje om meg. På den andre sida har eg lært meg sjølv å kjenne gjennom boka. Ho skriv med universell penn, seier Lech.

– Sjølvsagt er det ei bok om etnisitet og innvandring på sett og vis. Men det kan handle om identitetssøk i eige land som vel som andre land. Om oppvekst, konfliktar mellom foreldre og born. Foreldre som har draumar for borna sine. Alle historiene der, det handlar om dei draumane, om ein søken. Eg kjenner meg veldig heime der.

LES OGSÅ: Bowie tilbake – i norsk t-skjorte

Dogmereglar
Boka vart eit verktøy for plata og sette rammene for kva bandet skulle lage.

– Det er sjette albumet til Beady Belle. Eg ville ikkje gjenta meg sjølv. Ved å setje rammer kan ein sjå moglegheitene innanfor. Når ein lukkar dører der ein ikkje får gå, kan ein sjå ei anna open dør ein ikkje såg i utgangspunktet. Vi har vidareført dogmetanken og hadde eit sett reglar, fortel Lech.

Medan dei første platene til Beady Belle hadde elektroniske element og mange instrument, er resultatet no ei plate der mange av instrumenta er skrella vekk.

– Det er litt meir kantete, poengtert, seier Lech.

Likevel, dei klare melodiane og tekstane om mellommenneskelege forhold går att i det Beady Belle gjer, fortel Lech. Ho skildrar plata som nedstrippa pop, med ganske mykje soul i seg. Meir uptempo enn den førre plata, som flørta med countrysjangeren og var mjukare, ifølgje Lech. Men først og fremst er det den dogmatiske tilnærminga som skil plata frå dei tidlegare, både når det gjeld det musikalske og produksjonen.

– Det er ikkje klang på stemma. Det er nakent, nedskrella, ikkje juks som dekkjer til instrumenta. Det er litt rått, upasteurisert.

– Det er mykje rom for vokalen til å smyge seg rundt, det trivst eg med.

LES OGSÅ: Ny CD frå Odd Nordstoga

– Krassare tekst
Om musikken er nedstrippa, er ikkje boka det. Utruskap, kidnapping, sladder, oppvekst, sjølvmordsforsøk og religionsspørsmål. Ved å gå inn i karakterane i boka kunne Lech skrive tekstane ut frå deira ståstad, i staden for sin eigen. Slik har tekstane kunna gi eit forsvar for vala rollefigurane gjer.

– Eg kunne skrive krassare enn om eg skulle stå inne for det sjølv, seier ho.

– Eg har ikkje eit ekstremt liv. Men sjølv om ein ikkje lever farlege liv, kan ein ha farlege tankar. Gjennom personane har eg fått skrive av meg ekstreme ting. Ikkje fordi det skal vere eit psykologisk hjelpeapparat, men det å setje ord på ting gjer at det blir tydelegare òg.

Forfattaren sjølv, Zadie Smith, har fått tilsendt plata. Og er begeistra.

– På ein måte er det idiotisk av meg å pirke i ein bestseljar. Ho fekk plata, og skreiv at ho var djupt rørt over kva vi hadde gjort med plata, ho var stolt av å vere med på det. Det var rett før jul, og betre julegåve kunne eg ikkje ha fått. Det var ein fantastisk dag, seier Lech.

2. februar held Beady Belle releasekonsert i Oslo. Så ventar konsertar i Tyskland, Sveits og Austerrike og fleire i Noreg.

– Det spennande, prosessen med å gå inn i personane som gjer ekstreme ting. Eg vart nesten litt folkesky. No er prosessen over og no er det ut, ut, ut.

– Når ein får kome ut, kjem knoppen ut i blomster. Eg gler meg veldig til å gi musikken vidare, seier Beate S. Lech.

Les siste musikknytt her!

Faktaboks

 Om Beady Belle

• Gruppe beståande av Beate Slettevoll Lech, Marius Reksjø og Erik Holm (kom med i 2007).
• Gav ut si første plate «Home» i 2001, sidan har det kome fem album til, «Cricklewood Broadway» er det siste i rekkja.
• Har mellom anna turnert med den britiske jazzstjerna Jamie Cullum og spelt inn duett med den amerikanske soulartisten India Arie.
• Sjekk ut heimesidene til bandet!