Senterpartiet er splitta i synet på om dei vil ha ei forsiktig opning av oljeområde utanfor Lofoten i tråd med ønsket til oljeminister Ola Borten Moe.

NPK-NTB
NPK-NTB

Fleirtalet i programkomiteen i Senterpartiet går inn for at det kan startast oljeverksemd i områda som allereie er formelt opna i Nordland 6, som ligg sørvest for Lofoten, fortel Avisenes Nyhetsbyrå (ANB). Desse områda blei opna allereie i 1994, men blei mellombels stengde av Stoltenberg I-regjeringa i 2001.

Olje- og energiminister Ola Borten Moe (Sp) går inn for ei forsiktig leiteverksemd utanfor Lofoten og Vesterålen allereie i år, men berre i område som allereie er opna, altså Nordland 6.

– Komiteen er delt. Sju vil ha denne vesle opninga, medan fem seier at gjeldande politikk skal halda fram på dette området, seier Sp-nestleiar Trygve Slagsvold Vedum til ANB.

LES OGSÅ: Borten Moe vil bore i Lofoten allereie i år

Han leier komiteen og er her med på mindretalet si side.

– Vi må rekna med ein open debatt om denne saka heilt fram til og med landsmøtet vårt i april, seier Vedum.

Han strekar under at det elles er brei semje om å halda igjen på oljeverksemd i desse omstridde områda.

– Men vi deler oss altså i spørsmålet om Nordland 6, og her får olje- og energiminister Ola Borten Moe altså støtte frå fleirtalet, seier Vedum som sjølv er landbruksminister i regjeringa. (©NPK)

LES OGSÅ: Uroa over tryggleiken på norsk sokkel

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.41

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE