Søkjer om sjøkabel i Hardanger – får reaksjonar

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Meiningslaust

Det private selskapet Northconnect ønskjer å kobla seg på straumnettet med ein sjøkabel som skal leggast frå Sima og gjennom heile Hardangerfjorden over Nordsjøen til Skottland. Det melde TV 2 tysdag kveld.

Hardangeraksjonen ville ha sjøkabel frå Sima for å hindra oppføringa av høge høgspentmaster gjennom Hardanger. Regjeringen avslo ønskjet etter å ha henta inn fleire utgreiingar, og gjekk inn for mastene.

– Ført bak lyset
Jan Ivar Rødland, tidlegare Granvin-ordførar og leiar for Folkeaksjonen for kraftoverføring med sjøkabel, veit ikkje om han skal le eller gråte.

– Dette er heilt meiningslaust. Eller galgenhumoristisk, seier Rødland til bt.no.

Han understrekar at hardingane fekk beskjed om at det var for dyrt og vanskeleg. No meiner han at dei blei ført bak lyset.

Les alt om kraftlinjesaka her!

– Greitt med sjøkabel
– Slik me vurderer det, er det greit å leggja ein kabel i botnen av fjorden, seier prosjektsjef Jo Viljam Drivdal i NorthConnect til bt.no.

Han legg til at det som gjaldt Sima-Samnanger-linja handla om andre tekniske løysingar, og at fjordane måtte kryssast.