Oppveksten er ein country-song

Framtida
Publisert
Oppdatert 08.12.2023 11:12

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Jula varer heilt til påske
Taylor Swift (f. 1989) er sjølverklært jule-fan; ikkje berre er ho fødd i desember, ho er også oppvaksen på ein gard der dei dyrka juletre! Foreldra hadde også hestar, og Taylor dreiv mykje med riding i dei tidlege barneåra. Det var før musikken tok over.

Då ho var ni, vart ho med i ei teatergruppe for barn, der ho fekk synge i musikalar. I tillegg reiste ho ofte til New York for å ta song- og teater-timar på Broadway. Kort tid seinare oppdaga ho countrymusikk; den store heltinna var Shania Twain, men også Faith Hill og Dixie Chicks inspirerte henne. Ho begynte å opptre på festivalar, sportsarrangement og talentkonkurransar i nærmiljøet. Då ho var 12, lærte ho seg sine første akkordar på gitar, og skreiv songen Lucky You.

I 2003 begynte ballen å rulle. Taylor og foreldra hennar innleidde samarbeid med manangeren Dan Dymtrow, som skaffa henne reklamejobbar og kontaktar innan platebransjen. Ho vann eit artistutviklingsstipend, og heile familien flytta til Nashville for å satse på Taylor sin karriere.

LES OGSÅ: Rocketvitraren

Nashville, country-hovudstaden
I Nashville møtte Taylor Liz Rose. Kvar tysdag etter skulen gjekk ho på låtskrivarkurs hos henne. Ho møtte også produsenten Nathan Chapman, som ho spelte inn demoar med. I 2005 skreiv ho platekontrakt med det nystarta Big Machine Records, og begynte å jobbe med debutalbumet sitt. Chapman kom inn som produsent, og Rose var med på å skrive fleire av songane – men tre av dei var skrivne av Taylor åleine.

Taylor Swift kom hausten 2006. Taylor var framleis 16 år, og musikkmeldarane var imponerte over tekstene og pop-teften hennar. I tillegg var ho den første country-artisten frå Internett-generasjonen; ho heldt kontakt med fansen via nettet. Eitt år og haugevis med konsertar seinare vart ho den yngste artisten som fekk tittelen Nashville Songwriter’s Associations «årets artist/låtskrivar».

Andrealbumet Fearless (2008) fekk også gode kritikkar, og vart det mestseljande i USA i 2009. Swift var blitt popstjerne, og la ut på ein over 100 konsertar lang turné, der blant andre Justin Bieber var oppvarmingsartist. Dessutan vart ho den første country-artisten som vann pris for beste kvinnelege video på MTV si musikkvideokåring – noko rapparen Kanye West syntest var så håplaust at han avbraut henne midt i takketalen (han meinte Beyoncé burde ha vunne).

Les fleire musikktips her!

Den raudkledde
2010 kom, og gav fleire prisar. Taylor Swift var den yngste som hadde motteke fleire av desse prisane. Same haust kom Speak Now, det første albumet der Taylor hadde skrive alle songane sjølv, og vore med som produsent. Det gjekk rett til topps på Billboard-lista, men fekk ikkje like gode meldingar som dei førre utgjevingane. Derimot fekk det mykje merksemd; fleire av songane handla om kjende fiendar (ein musikkmeldar i Mean, Kanye West i Innocent) og eks-kjærastar (John Mayer i Dear John). Ho turnerte over heile verda i 13 månader, og gjorde blant anna suksess med å covre lokale artistar der ho opptredde.

Seinsommaren 2012 sleppte Taylor den nye singelen We Are Never Ever Getting Back Together, som vart ein kjempehit. Det same vart Red; albumet selde meir første veka enn noko anna album på ti år. Red-turnéen startar i mars 2013.

Først publisert i Norsk Barneblad.

Faktaboks

Les meir om Taylor Swift på Wikipedia (engelsk og nynorsk) og taylorswift.com!

Musikktips for januar

Tame Impala – Be Above It
Twin Shadow – Five Seconds
Mari Kvien Brunvoll – Something inside
Kendrick Lamar – Backseat Freestyle
Frank Ocean – Bad Religion