– Høgre er ein trussel mot folkehelsa

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ei regjering med Høgre ved roret vil vere ein trussel mot folkehelsepolitikken, hevdar Senterpartiets helsepolitiske talskvinne, Kjersti Toppe, overfor Dagsavisen.

– Partiet går konsekvent mot alle folkehelsetiltak. Det irriterer meg. Dei framstiller seg som så truverdige og ansvarlege og seier dei vil ha ein ny helsepolitikk, men dei har berre ein politikk for behandlingskøar, ikkje for å førebyggje desse, seier Toppe.

LES OGSÅ: Me sveittar meir enn før

Høgre seier nei til gratis frukt og grønt i skulen, skulemat, ein times fysisk aktivitet dagleg i skulen, 18-årsgrense i solarium og regulering av reklame retta mot barn og unge. I tillegg vil partiet liberalisere alkohollovgivinga.

– Eg kan ikkje hugse éi sak der dei aktivt har fronta tiltak for folkehelsa. Individet har alt ansvar, ikkje noko er politisk ansvar. Dette er feigt av Høgre. Dei veit at politikken kan gjere ein forskjell, seier Toppe.

Høgre-nestleiar Bent Høie, avviser fullstendig skuldingane til Kjersti Toppe.

Les meir helsestoff her!

– Ho har eit for snevert syn på kva som er folkehelse. Dei viktigaste tiltaka går føre seg på andre område enn helseområdet, det handlar om mykje meir enn kva folk et, seier han.

Høie meiner det først og fremst handlar om å skape gode lokalsamfunn, ein god skule og om høvet folk har til å delta i arbeidslivet. (©NPK)

Kva meiner du politikarane bør gjera og ikkje gjera for folkehelsa?