Einar Økland blir festivalforfattar

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Blir festivalforfattar

Einar Økland blir festivalforfattar på den nynorske barnebokfestivalen Falturiltu som går av stabelen på Stord i november.

– Falturiltu er stolte av å presentera ein av dei mest allsidige og originale forfattarane i norsk litteratur som årets festivalforfattar, skriv festivalleiinga.

Einar Økland har sidan debuten i 1963 gitt ut nærare åtti bøker innafor dei fleste sjangrar, og han var heilt sentral den store nyskapinga barnelitteraturen på syttitalet , både gjennom skrivemåte, temaval, og gjennom å løfta fram unge og spanande illustratørar som Wenche Øyen (Ein god dag, 1979, Ei ny tid , 1981 ) Kari Bøge (Du er så rar, 1973, Snakk med doktor Ost , 1977), Oddvar Torsheim (På frifot, 1978) og Gerhard Stoltz  (Her er ingen papegøye , 1984, Den dumme, 1988)

Økland er frå Valevåg i Sveio, og er utdanna psykolog. Han debuterte som forfattar med diktsamlinga Ein gul dag i 1963 og har seinare følgt opp med romanar, skodespel, essay og barnebøker. I tillegg har han gjendikta utanlandsk lyrikk og vore ein sentral person i dei litterære tidsskrifta Profil og Basar. Han har motteke ei lang rekke prisar, blant anna Aschehougprisen 1988, Doblougprisen i 2000 og Gyldendalprisen i 2006, og han har vore festivalforfattar ved Festspillene i Bergen i 1992 og Dei nynorske festspela i 2002.

LES OGSÅ: Økland, sa Økland

Innan faglitteraturen har Økland lenge gjort eit stort og viktig arbeid med å løfta fram deler av (barne)kulturen som er forsømt av kunst- og litteraturhistorikarar og etnologar. Han har grundig dokumentert arbeidet til norske illustratørar med trykksaker som iddisar, plateomslag, bokomslag og reklameplakatar. Den siste boka hans «Den norske maleboka» (2012) er eit eksempel på dette.

Einar Økland er truleg den einaste norske forfattaren som bur i ein veg kalla opp etter seg: Einar Øklands veg i Sveio.

Faktaboks

Bøker for barn og unge

Eventyrboka (Medforfattar) (Skald forlag, 2009)
Godnattboka: nynorske forteljingar (Medforfattar) (Skald forlag, 2007)
Litteratur for barn og unge: 2008 (Tekster, Samlaget, 2007)
Black & Decker og 20 andre historier. Eit utval (Noveller for ungdom, Samlaget, 2006)
Den blanke bjølla. Utvalde noveller for barn (Samlaget, 2005)
Svarte norske (Barnebok, Samlaget 1997
Pennen den blå (Barnedikt, Samlaget, 1992)
Walkman.Tolv dagar musikk. (Biletbok, Samlaget, 1989)
Den dumme (Eventyr/Fabel, Samlaget, 1988)
Mellom himmel og jord (Barnedikt, Samlaget, 1986)
Her er ingen papegøye (Barnebok, Samlaget, 1984)
Egg til alle (Barnebok, Aschehoug, 1982)
Ei ny tid (Biletbok, Samlaget, 1981)
Gutar i røyk : ni ulike historier i røyk. (Noveller, Samlaget, 1980)
Ein god dag (Biletbok, Samlaget, 1979)
Vendepunkt : 14 noveller for ungdom (Medforfattar) (Noveller for ungdom, Cappelen, 1979)
På frifot, blanda vers (Barnedikt, Gyldendal, 1978
Sikk-sakk (Barnebok, Samlaget, 1978)
Snakk med dr Ost (Barnebok, Samlaget, 1977)
Kven veit? (Barnebok, 1976)
Den blå ringen (Barnebok, Samlaget, 1975)
Du er så rar (Barnedikt, Samlaget, 1973)