Økland, sa Økland

Arnfinn Kolerud
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 

Eg har skrive ein levande diktar inn i den nye romanen min. Utan å spørre han om lov. Og utan å kjenne han. Tidlegare har eg halde meg borte frå levande menneske, både i livet og skrivinga. Levande menneske kjem med innvendingar. Det har eg aldri sagt og aldri gjort, seier dei. Levande menneske blir fornærma og sinte og går til sak. Eller til VG. Så det hadde vore tryggast å halde fram med å dikte opp romanpersonane mine. Men på den andre sida – det bur seks milliardar menneske her på jorda, og det skal godt gjerast å ikkje skrive om eit einaste av dei kvar gong ein gir ut bok. Så denne gongen vart det Einar Økland. Han har inga stor rolle. Han er berre med i ein telefonsamtale over eit par sider, pluss at han tidlegare er omtala som ein ordkløyvar og vriompeis og ikkje noko ein ville hatt i hus. Men i dette romanuniverset er det så mange andre språklege vriompeisar at han ikkje skil seg negativt ut.

Eg var likevel litt usikker på veg til haustlanseringa i Samlaget. Eg var invitert for å lese opp eit stykke frå boka, og valde sjølvsagt den oppdikta telefonsamtalen med Økland. Økland var til stades, så eg spurte han om lov til å lese opp dialogen. Ja, sa han. Kanskje du attpåtil vil vere med, og lese dine eigne replikkar? spurte eg. På bildet ser du kva han svarte.

Ordskiftet står mellom Enella Frø og diktaren Einar Økland. Fru Frø er med i ei gruppe som skal lage samlekort av nynorske diktarar. Dei er godt nøgde med fornamnet hans, men etternamnet er altfor bokmålsk. Ho vil overtale han til å skifte namn til Aukland, men gruar seg fælt til samtalen. Her er eit kort utdrag:

Ho måtte ringe no straks. Om ho utsette det til neste dag, kom ho sikkert ikkje til å få sove. Enella putta eit halsdrops i munnen, det sterkaste ho hadde, og saug intenst på det. Om ho greidde å temme dropset, ville kanskje styrken bli att inne i henne. Fingrane hennar vart nomne. Ho måtte ha hjelp av Lena Uthus til å slå nummeret. Etterpå trekte Lena seg nokre meter unna, slik ein gjer for ikkje å bli ramma av ein eksplosjon.

– Økland, sa Økland.

Det var den verst tenkelege opninga.

Les bloggposten på Samlagsbloggen!