– Kjærleik er viktig når du arbeider med barn

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Sibeko meiner det altfor ofte er dei skuleflinke, godt oppdregne barna – dei som luktar godt og seier dei rette tinga – som får positiv merksemd frå lærarane.

– Men det er alltid dei barna det er vanskelegast å elska, som treng det mest. Det er dei som må få lov til å sitja på fanget. Forfattaren snakkar med djupt engasjement når ho møter NTB for å snakka om fantasyuniverset ho har skapt. Først kom «Blodmånenatta» (2011), og no har ho følgt opp med ei ny forteljing frå det magiske nord. I «Ildulven» møter vi både huldrer, troll og sjølvaste draugen.

Men den verste skapningen er kanskje likevel ein lærar som sviktar.

– Ho set, som svært mange, si ære i at alle elevane hennar skal vera vellykka. Alle barnaskal ha venner og fungera sosialt. Det er ikkje rom for at nokon sørgjer og treng ro og fred, og når ho får ein traumatisert gut i klassen sin går ho hardt til verks for å få alt til å sjå normalt ut. Ho aksepterer ikkje at nokon kan vera annleis og ha andre behov, og ho gjev tydeleg uttrykk for at ho opplever slike elevar som vanskelege. Slik skapar ho eit utrygt miljø – perfekt for at også barna skal byrja å mobbe kvarandre, seier forfattaren.

LES OGSÅ: Mobbar og mobbeoffer

Skulebytte blei redninga
Det er nettopp annleisbarnet Sibeko slår eit slag for med «Ildulven», som mellom anna tematiserer mobbing. Som halvt nordfjording og halv sørafrikansk zulu, veit ho noko om ikkje å vera lett å plassera i bås. På barneskulen hamna ho i ein vanskeleg klasse og fekk ein lærer som handterte dei ved å setja dei opp mot kvarandre. Dei fem første skuleåra hennar førte til lite læring, men mykje mobbing og fysisk vald.

– Då eg skulle ta til i 6. klasse, bytte eg skule. Det redda meg, både fagleg og sosialt, slår ho fast. Ho rår alle foreldre som ser at barnet mistrivst på skulen til å ta grep:

– Dersom skulen og læraren ikkje er ansvarsmedviten: Byt skule eller la ungen vera heime og lesa bøker. Det er faktisk meir konstruktivt. Sibeko, som sjølv har bak seg ein tiårsperiode som lærar, er ikkje i tvil om dette:

– Mobbing i ein klasse er ikkje alltid læraren sin feil, men det er alltid læraren sitt ansvar. Det finst mange eldsjeler der ute, flinke og dedikerte lærarar, men det er mange i motsett ende av skalaen også.

LES OGSÅ: – Mobbeskulane må bøteleggjast

Å vera litt audmjuk hjelper, meiner forfattaren.

– Om folk ikkje er heilt kompetente, så må dei faktisk innrømma det. Å koma til kort er noko alle lærarar vil oppleva ein gong i karrieren. Det burde ikkje vera noko skam, tvert imot burde alle skular ha ein arena for lærarar som treng hjelp.

Stolte av mytologien
Sibeko er oppteken av at alle – ikkje berre vaksne – må få aksept for den dei er.

– Kaspara, hovudpersonen i «Fullmånenatta» og «Ildulven», er sliten. Ho er i djup sorg, og det tek all energien hennar. Det blir dobbelt slitsamt når omgjevnadene krev at ho skal vera velfungerande. Også nykomaren i boka, Roy-Arne, har sitt å slita med. Han har opplevd hjarteskjerande ting, og ber sterkt preg av det:

– Dessverre er det mange alvorleg traumatiserte barn i norske klasserom, meiner Sibeko. Det kan høyrast ut som Sibeko har dyppa pennen i berre mørketid og elende, men forfattaren strekar under at det også har vore fint å skriva «Ildulven».

– Det er alltid fint å skriva om Bø og Vesterålen. Bø er ein fantastisk plass der mytar blir haldne levande og alle er stolte av mytologien.

LES OGSÅ: – Derfor les me bøker

Forfattaren har feriert lange periodar i Vesterålen og seier ho ikkje kunne ha skrive desse historiene utan dette landskapet.

– Men det blei ei meir komplisert bok å skriva denne gongen. I «Blodmånenatta» var alle menneska snille. I «Ildulven» sleppte eg altså til ein særs usympatisk lærar, og det kjendest som om bygda eg likar så godt blei litt «infisert». Men slik er det jo. Uintelligente lærarar finn du overalt, og dei øydelegg meir enn folk vågar å snakka om. Men denne gongen går det jo faktisk ganske bra til slutt. Det var også veldig godt å la Kaspara vinna over både sjølvrettferdige nissar, sjølvgode huldrer og kjærleikslause lærarar. (©NPK)

LES OGSÅ: – Eg likar vitsinga med språket