Saman med sambygdingen Ingebjørg Harman Bratland, er Odd Nordstoga plateaktuell denne våren. Heimafrå heiter det folkemusikkfunderte prosjektet.

CD-en er planlagt utgjeve 1. mars, melder avisa Varden. Det er òg lansert ein konsert med duoen på Riksscenen 3. mai.

Ifylgje konsertarrangøren starta det heile med at Bratland vart invitert heim til Nordstoga på Lambertseter, og på musikkloftet der kom tonane. Utgangspunktet for songane er Vinje, der begge artistane kjem frå. Det heile vert eit prosjekt utan band og strykearrangement – berre songane slik dei har vorte sunge gjennom generasjonar, to gitarar og eit enkelt arrangement. 

LES OGSÅ: Ut i verda – heim til Vinje

Talent
Ingebjørg Harman Bratland har hausta nasjonal åtgaum mellom anna gjennom å synge ”Den fyrste song” for Kong Harald på 70-årsdagen, og då ho song ”Til Ungdommen”  under minnegudstenesta i Oslo Domkirke etter 22. juli.

Ho har og medverka på mellom anna Sorgen Og Gleden, Kronprinsesse Mette-Marits CD med utvalde salme. Bratland har vert skildra som eit talent utanom det vanlege, og har vunne landskappleiken fleire gonger.  

LES OGSÅ: Norden satsar på kultur

Heimbygda 
Med 11 tidlegare plateutgjevingar, lydspor til fleire TV-seriar  og mange høge terningkast, er Odd Nordstoga eit viktig namn i norsk musikkliv. Han har også i tidligare prosjekt henta inspirasjon frå heimbygda, som han har eit sterkt forhold til.

”Å bån og veslegut” av telemarksdiktaren Jørund Telnes, er i fylgje arrangøren den fyrste songen Ingebjørg Harman Bratland og Odd Nordstoga freista å synge saman denne gongen. Men Heimafrå er ikkje fyrste gong vinbyggjarane spelar saman. Songen "Jolevise" på lydsporet til TV-serien Jul i svingen, og ein konsert på Bøgrend Autofest i 2010, er av tidligare samarbeidsprosjekt.

LES OGSÅ: Positive overraskingar

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.41

Kommentarar

ANNONSE