Kan redusere køyretida med 7 timar

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Dersom E39 mellom Kristiansand til Trondheim blir ferjefri, kan det bety ein reduksjon i køyretida frå 20 til 13 timar.

Dette går fram av statusrapporten frå utgreiingsprosjektet ferjefri E39 som Statens vegvesen har sendt til Samferdselsdepartementet. Han viser at investeringa på omkring 100 milliardar kroner kan redusere tids- og køyrekostnadene for trafikantane med 4– 6 milliardar kroner i året. Statusrapporten viser til at utbygginga av ferjefri E39 kan gjerast på 20 år dersom ho blir gjort samla, og så langt viser prosjektet at det er mogleg å krysse dei attverande fjordane med brusamband.

Det blir understreka i prosjektrapporten at det er vanskeleg å kvantifisere dei samfunnsmessige effektane, og dette er noko ein skal arbeide vidare med i 2013.

LES OGSÅ: Slik kan Vestlandet bli ferjefritt

– Førebels utgreiing viser likevel at dei regionale verknadene av å byggje ut og gjere E39 ferjefri kan blir enda større enn verknaden som er rekna ut for trafikantane, skriv vegvesenet på eigen nettstad.

Vegvesenet viser til at dette mellom anna er fordi ein får faste vegsamband i staden for ferjer, noko som gjer at fleire felles bu- og arbeidsområde kan bli større.

Statusrapporten som no er oversendt Samferdselsdepartementet dannar grunnlag for mogleg omtale av prosjektet i stortingsmeldinga om Nasjonal transportplan, fortel Statens vegvesen. Endeleg rapport er venta dette året. (©NPK)

LES OGSÅ: – Lyntog løner seg

Kva meiner du ein bør prioritera først? Ferjefri E39, lyntog eller jernbane rundt Oslo?