David Bowie tilbake med ny singel og album etter ti års pause. Men kvifor har han på seg ei norsk t-skjorte?

mm
Faktaboks

David Bowie (fødd David Robert Jones, 8. januar 1947) er ein engelsk songar og soloartist. Han har vore ei superstjerne innan populærmusikken i fem forskjellige tiår.

Han er kjend som kameleonen i populærmusikken. Hans første steg mot popularitet var med folk-rock inspirerte Space Oddity i 1969, men han er betre kjend som den androgyne glamrockaren på Hunky Dory (1971), The Rise and Fall of Ziggy Stardust and the Spiders from Mars (1972) og Aladdin Sane (1973). På 1970-talet blanda han kunst, filosofi og litteratur inn i musikken og løfta pop- og rockemusikk til eit meir sofistikert nivå. I albuma han har gitt ut etter dette har han utforska soul, elektronika og new wave, ofte før desse sjangrane vart populære eller i det heile oppstod.

Bowie har òg arbeida som film- og teaterskodespelar, plateprodusent, musikkvideoregissør og kunstnar.

Les meir på Wikipedia (nynorsk) og (engelsk)!

LES FAKTALUKK FAKTA

Tidleg tysdag, på sjølvaste 66-årsdagen til David Bowie, sleppte Colombia Records singelen Where Are We Now i ITunes. Albumet The Next Day blir det 30. i rekkja for den vidgjetne artisten, som gjennom karrieren har seld over 130 millionar plater.

Plata er produsert av Tony Visconti og skriven Bowie, og blei spela inn i New York. Saman med singelen kjem òg ein video regissert av Tony Oursler, som tek oss tilbake til David Bowie si tid i Berlin. Her kan du sjå han blant anna i bilverkstaden under leilegheita han budde i saman med sterke bilete av byen på den tida.

LES OGSÅ: Milliardmannen

I videoen ser ein David Bowie med ei t-skjorte med påskrifta ”M/S Song of Norway” – det første cruiseskipet til Royal Caribbean Cruise Line. Song of Norway er òg namnet på ein operette frå 1944 av Robert Wright og George Forrest basert på musikken til Edvard Grieg og ein film frå 1970 basert på same operette.

Sony Music Entertainment Norway har ikkje klart å gje oss svar på kvifor David Bowie har akkurat denne t-skjorta på.

LES OGSÅ: – Døve har like mykje glede av musikk

Oppdatert: onsdag 12. april 2017 14.00
ANNONSE