Vil invitera til fredagsbøn

Marit Lajord
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det er same kva religion det er, forkynning må skje etter skuletid, seier leiar i Humanistisk Ungdom, Helene Kleppestø, som ikkje er nøgd med forslaget.

I den ferske innstillinga frå regjeringas Trus- og livssynsutval, meiner 10 av 15 medlemmer at det framleis skal vera ope for skulegudsteneste og religionsutøving i regi av andre trussamfunn i skuletida. Dei legg vekt på at ulike trussamfunn må behandlast likt, og at også andre enn Den norske kyrkja skal kunne invitera skuleelevar til markeringa av ulike høgtider.

LES OGSÅ: – Kyrkjemedlemmer bør betale sjølv

Ikkje reelt likeverd
Eit mindretal på fem meiner gudsteneste ikkje høyrer heime i ein fellesskule med born frå ulike livssyn, då dei meiner det utgjer i religiøs handling basert på aktiv deltaking hjå dei som er med.  

Mindretalet legg òg vekt på at berre Den norske kyrkja har bygg og tilsette i alle landets kommune, og at det slik ikkje vil verte eit reelt likeverd.

– Ein må gjerne lære om heilage bygg og ulike religionar, og vitje dei for å lytte og lære. Men religionsutøving må skje utanfor skuletid, seier Kleppestø.

LES OGSÅ: Statsreligionen er dau, lenge leve Folkekyrkja!

Ikkje avslutning
Sjølv om fleirtalet framleis vil ha skulegudsteneste, meiner dei desse ikkje må ha karakter av semesteravslutning. Dei legg vekt på at avslutningar bør vera samlande og inkludere alle elevane, og slik ikkje bør skje i regi av livssynssamfunn.

 At skuleavslutninga bør vera samlande er og viktig for Humanistisk ungdom.

– Skuleavslutninga bør vera ope for alle, uansett tru og tvil, uttalar Kleppestø.  

LES OGSÅ: Ber kyrkja bremse festen

Ingenting er 100% nøytralt 
– Vi ser på dette som eit bra signal i religionsopplæringa, seier KrFU-leiar Elisabeth Løland. Ho tykkjer det er fint at elevane får vera med på andre religiøse samlingar enn hjå Den norske kyrkja. Samstundes legg ho vekt på at kvar skule må finne sine løysingar.  

– Stortinget bør ikkje sitje å bestemme. I osloskulen der det er mange muslimar vil det vera aktuelt å vitje moskear. I små lokalsamfunn med lang reiseveg, vil det kanskje vera annleis, held ho fram.

LES OGSÅ: Vil opna KrF for ikkje-kristne

Mindretalets framlegg har ho ikkje sans for:

– Å kutte ut skulegudstenesta er ei dårleg løysing. Den er med å gje dei unge innblikk i eigen kultur og historie, seier Løland. Og meiner det å ta religionen heilt ut frå skulen vil gjera dei unge til religiøse analfabetar.  

– Det må vera plass til religion, og barn og ungdoms tru, tvil og ikkje-tru. Det er heller ingenting som er 100% nøytralt, avsluttar KrFU-leiaren.  

Kva meiner du? Bør vi framleis ha skulegudsteneste?

Faktaboks

Trus- og livssynsutvalet
– Utvalet overleverte innstillinga ”Det livssåpne samfunn”  til kulturminister Hadia Tajik (Ap) måndag. 
– Utvalet meiner at religion bør ha ein stor og synleg plass i samfunnet, men at kyrkja ikkje bør vere seremonimeister ved nasjonale markeringar. Fleirtalet går også inn for at borgarleg vigsle skal vere hovudordning. 
– Eit fleirtal på tolv av medlemmene i utvalet går inn for at dommarar og politi kan få bruke religiøse hovudplagg og andre religiøse symbol på jobb, noko eit mindretal på tre medlemmer går imot. 
– Utvalet vil også løyse opp koplinga mellom Forsvaret og kristendom og Den norske kyrkja. 
– Eit mindretal foreslår at trus- og livssynssamfunn må drivast og finansierast av medlemmene sjølv på linje med andre frivillige organisasjonar i samfunnet.
– Utvalet har bestått av 15 medlemmer, av dei eit fleirtal som er eller har vore knytt til tru- og livssynsorganisasjonar.