– Kyrkjemedlemmer bør betale sjølv

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Andreas Hompland og Tove Strand, som høyrer til mindretalet i utvalet, går i ein kronikk i fleire aviser måndag ut mot at staten skal betale for religiøse kyrkjelydar og livssynssamfunn.

– Vårt langsiktige mål må vere å avvikle den statlege økonomiske støtta til Den norske kyrkja, meiner dei.

LES OGSÅ: Det pengar ikkje kan kjøpe

Dagens norske samfunn er kulturelt mangfaldig og har ein sekulær karakter. Då kan det ikkje vere ei statleg oppgåve å setje religiøse kyrkjelydar og livssynssamfunn i ei særstilling i forhold til andre frivillige samanslutningar, meiner mindretalet i utvalet.

– Ut frå prinsippet om ein nøytral, beskyttande politikk tilrår vi at den særlege ordninga med økonomisk støtte frå stat og kommune til Den norske kyrkja og andre trus- og livssynssamfunn blir avvikla. Vi meiner at trus- og livssynssamfunn må drivast og finansierast av tilslutta medlemmer på linje med andre frivillige organisasjonar i det sivile samfunnet, skriv Hompland og Stand.

Eit alternativ som har vore drøfta i utvalet er at det kan innkrevjast ei eigen livssynsavgift frå alle skattytarar saman med skatt og trygdeavgift, slik ordninga er i Sverige. Skattytarar som ikkje er medlem av noko trus- eller livssynssamfunn, kan få velje at det blir overført ein tilsvarande sum til forsking eller godkjente humanitære føremål.

LES OGSÅ: Kristne og muslimar under same tak

Trus- og livssynsutvalet vart sett ned av kulturminister Anniken Huitfeldt (Ap) i 2010. (©NPK)

Kva meiner du? Bør det vera kykjemedlemmene som betalar for løna til prestane og vedlikehald av kyrkjene?