Menn slepp lettare unna politiske skandalar

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kvinner får meir tyn i politikken

Den svenske forskaren Tobias Bromander har gått gjennom pressedekkinga av 92 skandalar i svensk politikk mellom 1997 og 2010. Bromander, som er forskar ved Linnéuniversitetet i Kalmar, konkluderte så med at kvinnene generelt får mykje hardare medfart enn mennene i liknande saker. Det skriv Forskning.no.

Som døme på ein politisk skandale hjå «söta bror» trekkjer Bromander mellom anna fram den svenske sosialdemokraten Laila Freivald, som gjekk av som justisminister i 2000 etter at det vart avslørt at ho på privaten hadde gjort om ei burettslagsleilegheit til ei sjølveigarleilegheit – i strid med linja til partiet.

Tobias Bromander har analysert 4.345 avisartiklar frå dei største avisene i Sverige. Han konkluderer med at media skriv meir om skandalar som råkar kvinner, enn om dei som råkar menn, og krev også i større grad at kvinnene må gå av – noko dei også oftare gjer.

Det var ein viss skilnad på «mannlege» og «kvinnelege» skandalar. Dei som gjaldt menn, var oftare knytt til jobben, til dømes tvilsam bruk av regjeringsfly eller misbruk av offentlege pengar. For kvinner dreidde det seg oftare om private syndar, som at dei hadde gitt feil opplysningar i sjølvmeldinga eller betalt svart.

LES OGSÅ: Skandalesex og politikk

Bromander meiner forskinga hans vitnar om eit demokratiproblem i mediehandsaminga av slike saker.

– Media har veldig vanskeleg for å sjå at dei har gjort noko gale. Ein har eit bilete av seg sjølv som upartisk, nøytral og likestilt, seier han. (©NPK)

Kvifor trur du det er forskjell på korleis menn og kvinner blir behandla i skandale-saker?