Kan trua laksebestanden
Lakselusnivået i oppdrettsanlegga har vore relativt låg i år, men det er stor bekymring for villfisken.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Mens lakselusnivået i oppdrettsanlegga i haust har vore relativt lågt, er det grunn til større bekymring for villaksen, meiner tilsynsdirektør i Mattilsynet, Kristina Landsverk. Ho viser til tal frå Havforskningsinstituttet som fortel at lakselusnivået på villfisk stadvis er verre enn før. Resultata frå overvakinga av lakselus på vill laksefisk i 2012, viser at det er grunn til å tru at lakselus har bestandsreduserande effekt på sjøaure langs store deler av norskekysten, men også på laks enkelte stader.
Stor bekymring
Føremålet i kampen mot lakselus hos oppdrettsfisk er tredelt. Mattilsynet skal redusera førekomsten av lakselus slik at skadeverknadane på fisk i akvakulturanlegg i viltlevande bestandar av laksefisk blir minimalisert, samt redusera og kjempa mot resistensutvikling hos lakselus. Landsverk opplyser at Mattilsynet konkluderer med at kampen mot lusa i oppdrettsanlegga har utvikla seg i rett retning, og at lakselusnivået generelt sett har gått ned. Når det gjeld skadeverknader på vill laksefisk og utvikling av resistens, går utviklinga ikkje i den retninga tilsynsdirektøren hadde ønskt.
LES OGSÅ: Vil lage fiskefôr av Mongstad-eksos
«infeksjonsnivået på sjøaure ekstremt høgt
Havforskningsinstituttet uttrykkjer stor bekymring for lusenivåa på villfisk i sin årlege oppsummering «Lakselusinfeksjonen på vill laksefisk langs Noregskysten i 2012» I rapporten som Havforskningsinstituttet har bestilt av Mattilsynet, står det mellom anna at lakselusinfeksjonen på vill laksefisk har forverra seg frå 2011 til 2012, i mange oppdrettsintensive områder.
Ny forskrift
Frå årsskiftet av, trer ei ny lakselusforskrift i kraft. Den inneheld eit krav om at det til ei kvar tid skal vera færre enn 0,5 vaksne holus av lakselus i gjennomsnitt per fisk i oppdrettsanlegga. Landsverk meiner den nye forskrifta vil kunne bidra til å nå dei formåla ein har i kampen mot lakselus, men trur likevel ikkje dette vil vera tilstrekkjeleg. Ho meiner det er viktig å ta innover seg at dagens tiltak ikkje gir dei ønska resultata i forhold til dei måla ein har sett seg og at ein i den vidare kampen mot lakselusa må forholda seg til eit slikt faktum.
LES OGSÅ: Spår eksplosiv oppdrettsvekst
Sjøauren hardt ramma
Prosjektleiar for overvaking av lakselus ved Havforskningsinstituttet, Pål Arne Bjørn seier det er lite i datamaterialet som tydar på at lakselusinfeksjonen på vill laksefisk er blitt forbetra frå 2010 til 2012. Tvert i mot, meiner han, og opplyser at det ser ut til at infeksjonspresset på vill laksefisk har auka langs heile norskekysten, mellom Hordaland og Troms.
— Sjølv om det er gjennomført tiltak for å redusera infeksjon av lakselus på vill laksefisk også i år, var infeksjonsnivået på sjøaure ekstremt høgt på fleire av overvakningslokalitetane i oppdrettsintensive område. Dei hardast ramma områda mellom Hordaland og Troms, er ytre Hardangerfjordsystemet og Herdlafjorden. Den ytre del av Sognefjorden, deler av Romsdalfjordsystemet, Trondheimsfjorden, Hitra, Namsenfjorden og området av Nordland, seier Bjørn.