Emilia rørte alle

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Emilia Polbratek har rørt mangt eit hjarte med omsorga ho har vist si kreftsjuke syster Natalia (5).  

– Eg syns det er veldig morosamt at eg vart kåra til årets sogning, for eg er jo ikkje sogning eingong, er Emilia sin lattermilde reaksjon på at ho gjekk av med sigeren i Sogn Avis si årlege kåring, og viser til at ho opphavleg kjem frå Polen og flytte til Sogn for tre år sidan.

 – Eg fekk eigentleg ikkje vita at eg var nominert ein gong, før nokre få dagar før vinnaren vart kåra. Eg har også vore nominert i VG sin «Årets navn»-kåring, og følgde difor mest med på denne kåringa. Men ein dag fekk me plutseleg beskjed av nokon me kjenner om at eg var nominert, og då hadde eg alt fått 25 prosent av stemmene.  

LES OGSÅ: Naturen til den nynorske kulturen

Overraska  
Emilia seier ho set pris på at lesarane vil ha ho som «Årets sogning» og at alle stemmene er varmande, men at nominasjonen kom litt overraskande på.  

– Eg vart veldig overraska då eg såg eg vart nominert, for no er det eit halvt år sidan eg var i Sogn Avis. Eg tenkte kanskje folk hadde gløymt meg.

LES OGSÅ: – Heilt fantastisk å skriva bok ilag 

Håpar å inspirera  
Emilia seier ho håpar det å dela historia si, både i media og gjennom bloggen sin, har vore med på å gjera ein forskjell.

 – Då eg skreiv innlegget og starta bloggen, tenkte eg ikkje så mykje på at eg ville gjera det. Men no ser eg at me skil oss ut frå andre, og at me kanskje har inspirert andre. Det er jo ikkje så mange som snakkar høgt om det å ha eit kreftsjukt born i dag, seier ho.  

LES OGSÅ: – Eg grein då mamma såg stilane mine

Realiserte bokplanar  
Det å snakka høgt har også ført til tilbod om å skriva bok.  

– Då eg var på veg heim frå skulen ein dag, hadde ein mann frå Gyldendal forlag lagt att ein beskjed på telefonsvararen min om at dei var interessert i å gjera historia vår om til bok. Først tenkte eg «ikkje søren», men så vart mamma veldig engasjert då ho fekk høyra om det. No er boka ferdigskrive, og kjem ut i februar. Ein del vil bestå av innlegg frå bloggen, ein del av kommentarar og ein del har mamma skrive. Då Natalia vart sjuk gjekk mamma rett på biblioteket for å finna bøker om det å ha eit kreftsjukt born. Det fanst det lite av, så me håpar kanskje denne boka kan hjelpa andre i same situasjon.

Les saka i Sogn Avis!