– Noreg treng Piratpartiet på Tinget

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Noreg treng ein pirat på Tinget

 

Denne veka blei det kjent at Piratpartiet har fått dei naudsynte 5000 underskriftene som må til for å registrera seg som eit politisk parti.

– Eg er veldig glad, seier Vegard Solheim. Den tidlegare AUFaren og kommunestyrerepresentanten for Arbeidarpartiet melde overgang til Piratpartiet i sommar.

– Dråpen som fekk det til å renne over var datalagringsdirektivet (DLD) og at vi tapte datalagringssenteret til CERN der Noreg viste ei null vilje til å støtte næringslivet. Det var fleire datalagringssenter rundt om i Noreg som stilte veldig sterkt i konkurransen, men etter at Noreg ikkje eingong svarte CERN sin eksklusive førespurnad tapte vi alt saman, fortel Solheim til Framtida.no.

Etter Vegard Solheim si meining er det òg for lite demokrati i partiet, og for mykje krangling med andre parti.

– Eg har blitt til dels lei av dei gamle partia som heng att i førre hundreår.Det er openbart at mange ikkje føler seg heime med dagens parti. Me treng eit parti som klarer å få til dei praktiske løysingane. Til dømes er det krav at alle underskriftene vi samla måtte være skrive for hand med penn og papir.

Korleis er det å vera åleine i kommunestyret?

– Ganske interessant faktisk. Å sjå ting utanfrå dei etablerte partia gjev eit heilt nytt syn på sakene vi går gjennom. Medan dei etablerte partia held seg i sine alliansar går eg rundt og pratar med alle for å få flest mogleg innspel, positive eller negative, slik at eg kan gjera meg opp ei meining som er uavhengig av gamaldagse ideologiar. Dessutan har eg mykje større moglegheit for å kome med dei uvanlege innspela som andre gjerne ikkje tenkjer på.

LES OGSÅ: Piratpartia har stor suksess

Blant anna har han tatt opp bruk av gratis undervisingsvideoar på khanacademy.org og overgang til gratis alternativ til office-pakken.

– Dessverre er det mykje fastlåst tenking både i det politiske og det administrative i Noreg i dag, og at eg er ganske ung hjelper ikkje.  

Kvifor er fridom på nettet så viktig for deg?

– Internett er det einaste i moderne tid som kan seiast å vere verkeleg fritt. Det har vekse fram frå eit internt amerikansk nettverk til å bli ei global endring i korleis informasjon vert delt på knappe 20-30 år, og det aller meste har skjedd utan at regjeringar verda over har trengt å bry seg. Internett har sine feil og manglar, men å avgrense, blokkere og sensurere er på ingen måte ei løysing. Ingen vil påstå at samarbeid er ein dårleg ting, og i dag er samarbeid sjølve grunnlaget for alt som blir laga og delt.

Kvifor treng Noreg Piratpartiet?

– Piratpartiet ynskjer teknologien velkommen, ikkje som eit mål i seg sjølv, men som eit middel for å gjere verda og demokratiet betre. Piratpartiet har ikkje ei lastande historie bak seg, og stiller til val i 2013 med blanke ark som gjer at vi kan være så pragmatiske som mogleg.

– Piratpartiet vil drive skikkeleg demokrati internt i partiet. Eit system som heiter breiddedemokrati der alle medlem er med og bestemmer eller kan delegere si stemme gjer at vi nærast vil ha eit kontinuerleg landsmøte. Derfor kan eg ikkje seie ting særleg konkret her, fordi det er medlemmane som avgjer sakene våre, ikkje kva toppleiinga påstår i media som deretter er skrive i stein.

Kva meiner Piratpartiet om til dømes klima, handlingsregelen og skatt?

– Saker utanom kjerneområdet er vanskeleg å seie noko om akkurat no. Gjennom systemet med breiddedemokrati i partiet vil det være medlemmane som avgjer våre meiningar på saker utanfor kjerneprogrammet. Det eg kan seie umiddelbart er at medlemmane våre er stort sett alle på den liberale delen av aksen autoritær – liberal. Derimot er medlema spreidd ut over heile den økonomiske venstre-høgre aksen, som er den venstre-høgre aksen folk flest er vande til. Det kan bli mykje interessante meiningar, gjerne nokre som er sjølvmotstridande. Det er slikt som skjer når ein skal ha mest mogleg demokrati, og det vil vi stå for uansett. 

– Saker som ikkje er heilt på kjerneområdet men som eg oppfattar at mange er einige om er typen mindre byråkrati og statleg overstyring/overformynderi, sterkare lokaldemokrati, og betre moglegheiter for næringslivet, utan at eg kan være særleg konkret på den siste. 

LES OGSÅ: Med fildeling som religion

Korleis meiner du musikarar eller filmfolk skal få løn viss det skal bli lov å kopiera og dela åndsverk?

– Eit viktig poeng er at Piratpartiet er ikkje imot opphavsrett. Opphavsretten skal ikkje vere eit mål i seg sjølv, men eit middel for meir nyskaping i kulturen. Derfor er Piratpartiet sterkt i mot at opphavsretten skal vare så lenge som den gjer. Eineretten til å framstille kopiar er eit insentiv for å stimulere til meir skaping av kultur. Spørsmålet bør gjerne heller være; "Korleis kan vi auke kvaliteten og kvantiteten i norsk kulturproduksjon?

– Det andre poenget er at vi vil gjere privat ikkje-kommersiell fildeling lovleg, fordi ein må ha eit enormt overvakingssamfunn bygd på kontrollering og mistillit for å hindre det som i dag er ulovleg fildeling. Dessutan fungerer fildeling i dag som reklame for både film og musikk. For eksempel Justin Bieber og PSY med Gangnam Style er i dag ufatteleg glade for å bli oppdaga på nettet. The Pirate Bay har oppretta ei eiga nettside som kallast Promo Bay der dei promoterer ukjende artistar. På Promo Bay er det for tida over 10 000 artistar av ulike slag som har sendt inn søknad om å bli promotert. 

– Til slutt viser det seg at folk bruker dei enklaste verktya for å høyre musikk og sjå film og generelt "forbruke" kultur. Nedlasting av musikk falt rett til botnen då Spotify kom, og slik fortset det i dag med blant anna Wimp, Netflix, Hulu, HBO og liknande. Om mediebransjen klarer å snu seg frå det enormt lukrative semi-monopolet dei hadde på 80- og 90-talet og omfamnar den digitale revolusjonen vil dei få ein langt lettare kvardag.