Eitt langt steg nærare flytebru

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 

Kostnadsskilnaden mellom indre og midtre trasé for ferjefri veg mellom Bergen og Stord er redusert frå sju milliardar til 300 millionar kroner i tilleggsutgreiinga som Statens vegvesen har levert Samferdsledepartementet. Det er eitt av argumenta etaten legg til grunn for sin endelege konklusjon om at midtre trasé bør prioriterast, skriv Bergens Tidende.

Kostnaden for indre trasé med fullstandards fire felts veg over ei Langenuen-bru og via Tysnes og Fusa og to bruer ved Bogøy til Os er berekna til 19 milliardar kroner, eit prosjekt som kan ferdigstillast i 2026.

Den nye prisen som vegvesenet oppgir for midtre trasé er på 19,3 milliardar kroner, og inneber bru over Langenuen mellom Levåg ved Sandvikvåg og Reksteren og ei fem kilometer lang flytebru frå Reksteren til Halhjem. Dette prosjektet er 25 kilometer kortare enn alternativet om Fusa og kan ferdigstillast i 2025, går det fram av konklusjonane i tilleggsutgreiinga som er offentleggjort av Samferdsledepartementet i dag.

Det som er kostnadsdrivande for indre alternativ er at nær 40 prosent av den 70 km lange strekninga mellom Jektevik på Stord og Endelausmarka i Os må leggjast i tunnel, og det med doble løp ut frå den trafikkmengda – 8000 bilar i snitt i døgeret – som er rekna med i år 2040. Om ein som eit første byggesteg berre lagar enkle tunnelløp, kjem ein ned i ein pris på 15,5 milliardar kroner for indretraséen, skriv avisa.

LES OGSÅ: Slik kan Vestlandet bli ferjefritt

Midtre alternativ vil generera ein gjennomsnittstrafikk på 14.000 bilar i døgeret over Reksteren i 2040, trur analytikarane i Statens vegvesen ut frå nye prognosar. I konseptvalutgreiinga for E39 Aksdal (Tysvær) – Bergen i 2011 var trafikkmengda kalkulert til 11.000 bilar i døgeret på ei Bjørnafjord-bru i 2040.

Vegvesenet har tidlegare tilrådd at det skulle arbeidast vidare med både indre og midtre alternativ for den ferjefrie E39 mellom Bergen og Stord. Til støtte for sitt nye standpunkt om å prioritera midtre trasé nemner etaten også omsynet til at Austevoll og Fitjar får ei god tilknyting til stamvegen.

Med ein gjennomsnittsfart på 90 km i timen vil ein køyra frå Jektevik til Os på 28 – 30 minutt, medan turen om Eikelandsosen i Fusa vil ta 42-46 minutt. Midtre alternativ vil óg gi størst vinst i høve til ein utvida bu- og arbeidsmarknad for Bergen og Sunnhordland, blir det argumentert i tilleggsutgreiinga.

LES OGSÅ: Arnstad positiv til ferjefri E39

I tilrådinga si poengterer vegvesenet at begge traséalternativa er problematiske i høve til kulturminne og naturmiljø. Konfliktpotensialet for friluftsliv og nærmiljø er størst for den midtre lina. For landskap, jord- og skogbruk er konfliktpotensialet størst med den indre lina.

Tilleggsutgreiinga skal no vurderast i samband med Nasjonal transportplan 2014 – 2023 som regjeringa presenterer til våren.

LES SAKA I SUNNHORDLAND!