Vi importerer mobiltelefonar som aldri før
Mykje tyder på at det kjem til å liggja mange mobiltelefonar under juletreet i år. I november importerte vi mobiltelefonar for over 871 millionar. Det er ny rekord.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Importen av mobiltelefonar i november år er over 216 millionar meir enn november i fjor, fortel Statistisk sentralbyrå (SSB).
SSB fortel at vi har importert like mange mobilar før, men at verdien på denne importen i år er rekordhøg på grunn av dei mange smarttelefonane. Til saman gjekk importen av telekommunikasjonsapparat opp med 295 millionar kroner og enda på nesten 2,3 milliardar.
LES OGSÅ: Sju av ti leiarar har smarttelefon