Velferdsstryk for dei raudgrøne på måling
Berre éin av ti spurte meiner at velferdstenestene er blitt betre under dei raudgrøne, viser ei meiningsmåling.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Velferdsstryk for dei raudgrøne
Folk flest har fått mindre tiltru til det offentlege under dei raudgrøne. Det viser ei fersk meiningsmåling frå Respons, som er utført på oppdrag frå Unio, skriv Dagsavisen.
26 prosent av dei spurte svarer at dei i dei siste åra har fått mindre tru på at det offentlege leverer dei tenestene dei har behov for. Berre 9 prosent har større tru på at det offentlege leverer. 60 prosent seier dei synest at dette er uendra.
Frp og Høgres veljarar har minst tru på at det offentlege leverer. Her svarer høvesvis 45 og 35 prosent at dei har fått mindre tru på dette dei siste åra.
Men både blant Ap- og Sp-veljarane – og LO-medlemmene – er det fleire som har fått mindre tiltru til offentlege tenester enn dei som har fått større tru på det offentlege:
Unio-leiar Anders Folkestad meiner målinga er ei åtvaring for dei raudgrøne og statsministeren.
– Tilliten til at det offentlege gir folk gode tenester minkar i befolkninga. Dette er eit varsku til Jens Stoltenberg viss han skal bli attvald, seier han til Dagsavisen.
Unio er Noregs nest største hovudorganisasjon etter LO og har 300.000 medlemmer. (©NPK)