«Dokke tru’ dokke e’ so kule, men det e’ no vi som rule!»

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

«...det e’ no vi som rule!»

Med ein god dose humor, sjølvironi og litt mot i brystet, har 28 elevar frå Bratteberg skule spelt inn sine eige rap-låtar med litt hjelp og rettleiing frå den lokale rap-guruen Runar Gudnason. Og kanskje har dei lært eitt og anna om språk også.

– Det er ikkje på nynorsk, det er på dialekt, kan Reidunn Hånes Egge opplyse om.

– Det er faktisk ingen som snakkar nynorsk. Ikkje bokmål heller, skyt ei anna inn.

– Alle snakkar dialekt.

Sjølvskryt
Det er altså mykje lærdom å hente ut frå eit par rap-leksjonar. Å lage rap-låtar er ramme alvor. Ikkje berre skal versa rime, men det er også eigne og kanskje uskrivne reglar for kva tekstane skal handle om også.

– Vi skal skryte av oss sjølve og rakke ned på andre, fortel elevane. Dei er 28 i talet, og har danna til saman sju rykande ferske rap-grupper. På eit lite grupperom ved sidan av klasserommet har Runar Gudnason frå Side Brok installert seg med ei lita datamaskin og ein velutstyrt mikrofon.

– Eg har vore litt spent på korleis dette skal gå, men dei har vore veldig flinke, rosar han.

Nynorsksenteret
Ein etter ein stiller dei seg opp framfor mikrofonen. Det nyttar ikkje å vere blyg eller sjenert her. Alle skal til pers.

– «Dokke tru’ dokke e’ so kule, men det e’no vi som rule!» rappar Sigrid Thokle. Ho tek utfordringa på strak arm.

– Flott, seier Gudnason, og kjem med eit par småjusteringar. Han kan sine saker.

 

– Men du har bra og presis uttale.

I samarbeid med det nasjonale senteret for nynorsk i opplæringa, Nynorsksenteret, har Bratteberg skule dei siste åra hatt ulike prosjekt knytt til nynorsken. I#<p>fjor laga dei ein tekst i samarbeid med eit lokalt reklamebyrå, og i år tok dei kontakt med Gudnason.

– Eg er stort sett van med å jobbe med litt eldre ungdomar, men det har gått overraskande bra dette også, seier han. Han har gitt elevane ein leksjon i rappen si historie, og elles gitt dei ei lita grunninnføring i korleis dei skal skrive ein rap.

– Vi har ikkje brukt så mykje tid, og det er ikkje lett å rappe, så dei imponerer.

Stolte nynorskbrukarar
Lærar Håvard Strand er også nøgd med sine ferske rapparar, og er sikker på at Volda-dialekten fell godt inn i kategorien «nynorsk».

– Vi er midt i nynorskland, og dialekten her dannar mykje av grunnlaget til nynorsken, seier han overbevisande.

– Å gjere slike ting gjer også at elevane vert gode og stolte nynorskbrukarar, seier han.

Så får han heller berre tole at nokre av tekstane handlar om både teite lærarar og kjedelege skuletimar..

Sunniva, Nicolai G,  Marius, Oline:

Tirsdag morra kl 7 slår
Blei ikkje ferdig med leksa i går
Snubla ut av senga, ha på kleda
Dembla en red bull, steik kor ej streva!
Storma ut døra, me musikk på øra
Steik, ei glømte å knyte snøra.
Høre skuleklokka ringe i de fjærne
Heite de, no springe ej gjerne
Første time skal me ha matte
Steik, de frista mykje meir med cafe latte.
Lærarane sitt å stura å kjefta
imens dei les i lærarhefta
Prøva å oppmuntre me tørre vitsa
Men de virka ikkje på oss kule kidsa
Yes, endeli e dagen ferdi
Rolla ne på Nauste å kjøpe kålrabi

Silje, Martine, Sigrid, Reidunn/SMSR:

Vi e ne i gata, når dei kjeme dei vi hata
Rappara frå alle kantar kjeme når vi prata.
Dei kjeme bort å seie: at dei faktisk eige
Søren dokke e feige, no e vi leide.
Rappen dokke suge, våra sin den duge.
Rappen dokka e shit, rappen vår e super blitt!
Rappen dokka ekkje fin, så dra de heim å grin!
Dokke tru dokke e so kule,
men de e no vi som rule!
Pell dokke vekk, ikkje ver en drittsekk.
Dokke ekje best, det e vi som gava fekk.
Søren dokke e teite, no e vi heite.
Rappen dokke suge, våra sin den duge.
Rappen dokka e shit, rappen vår e super blitt!
Rappen dokka ekkje fin, så dra heim å grin.
Dokke tru dokke e so kule,
men det e no vi som rule!

Sjuandeklassingane ved Bratteberg skule har fått kunnig rettleiing frå den lokale rap-guru Runar Gudnason//Torstein Hyl/Side Brok som boltrar seg fremst på biletet.

LES SAKA I MØRE-NYTT!