Talet på nynorskelevar går svakt nedover, viser nye tal.

mm

I dag har 12,6 prosent av elevane i grunnskulen nynorsk som hovudmål. Førre skuleår var talet 12,8 prosent. Totalt er det no 77.411 elevar som har nynorsk som hovudmål, 1383 færre enn sist skuleår. Det viser ferske tal frå Grunnskolens informasjonssystem.

Sidan 2002 har talet på nynorskelevar gått ned med 12.271. Talet på bokmålselevar er 533.579 i dette skuleåret – 11.807 fleire enn i 2002.

Hordaland har desidert flest nynorskelevar med 23.948 elevar, med Møre og Romsdal på ein andreplass med 16.891 nynorskelevar.

LES OGSÅ: Betre i bokmål med nynorsk

Flest i Hordaland
I prosent er Sogn og Fjordane største nynorskfylke. Her har 97,4 prosent av elevar nynorsk som hovudmål.

I kvart av fylka Oslo, Hedmark, Vestfold, Nordland og Finnmark er det berre éin registrert nynorskelev.

– Eg har ingen planar om å slutte å skrive nynorsk. Eg vil ikkje miste dialekta mi, og nynorsk kjennest meir naturleg enn bokmål, sa Medna Israilova til Framtida.no i sommar. Ho er den einaste som har nynorsk som hovudmål i grunnskulen i Oslo. Medna flytta til Stryn frå Tjsetjsenia i 2006, då ho var åtte år. Ganske fort lærte ho norsk, altså nynorsk. Då ho flytta til Oslo heldt ho på målforma si.

LES SAKA:– Litt kjekt og litt skummelt

I sommar tileigna Kjartan Fløgstad ein kronikk til Medna Israilova i Aftenposten.

Fylka med størst auke i talet på bokmålselevar er Oslo og Akershus. I same periode har dei opplevd ein stor auke i folketalet.

TA QUIZEN: Skjønar du bokmål?

Fleire med samisk
Tala frå Grunnskolens informasjonssystem viser at talet på born med samisk som målform har auka med 18 elevar til 873 dette skuleåret. Den største auken er i Troms, der talet på samiske elevar auka med 15.

Sidan 2002 har talet på samiske elevar gått ned med 184.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.41

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE