– Spennande å vera del av oljeeventyret

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

På Noregs største verft

Lars Kristian Kleiven (31) jobbar som ingeniør i Kværner på Stord. Verftet er Noregs største, og har bygd og sett saman dei fleste store plattformene på norsk sokkel dei siste 35 åra.

Lars Kristian arbeider i elektroavdelinga. No er det Eldfisk han jobbar med. Plattforma skal innehalda eit brønnhovud med 40 brønnslissar, prosessanlegg og eit bustadkvarter med 154 senger. Plattforma får ei bru over til Eldfisk-senteret. Plattforma skal takast i bruk rundt årsskiftet 2014/2015.

Kværner Stord har truleg aldri før hatt større ordrebøker, med kontraktar for kring 20 milliardar kroner.

LES SAKA: Aukande forskjellar i industrien

3D
– Korleis er ein vanleg arbeidsdag for deg?

– Det blir mykje framfor pcen, seier han. Før arbeidet med plattformene kan starta, må det store mengder planlegging til.

– Mykje av arbeidet mitt er førebuing før arbeidet kan starta. Eg passar på at kablane som skal leggjast har all info som det er trong for, forklarar Lars Kristian.

Mellom anna er dataprogram for 3D-modellering til god hjelp. Elles bruker dei mykje dataprogram som blir brukte for å styra store prosjekt.

– Akkurat no går det med tid til kvalitetssikring,.

Konsekvensane av ein feil kan vera svært alvorlege – og dyre. Difor er det strenge krav til dokumentasjon og kvalitetssikring.

LES OGSÅ: Halvparten angrar på utdanninga

Internasjonalt
Robert Kolczykiewicz (34) jobbar som sivilingeniør i Kværner. Han jobbar i røyravdelinga. Han driv òg mykje kvalitetssikring.

– Eg kvalitetssikrar arbeidet som er gjort i Mumbai. Eg er med på å teikna det ut, slik at det kan leverast til produksjon.

Robert er òg på Eldfisk-prosjektet. Produksjonen skjer i både på Stord og i Finland – og Polen, der Robert kjem frå. Men no har han flytta til Stord, fått seg kjæraste – også ho jobbar i Kværner – byggjer hus og har baby på veg.

Robert trivest så godt at han bestemte seg for å etablera seg på øya.

– Det er ein veldig bra plass. Selskapet er dessutan godt kjent i utlandet, seier han.

(saka held fram under bildet)

Frå området til Kværner på Stord tidlegare i haust.

Mykje på data
I løpet av ingeniørutdanninga er det mykje matte studentane må rekna. Men kor mykje matte er det på ingeniørane i løpet av ein arbeidsdag?

Lars Kristian smiler, og viser ein 0 med handa si.

– Det varierer frå prosjekt til prosjekt som ein er med på, men no er det nesten ingenting, legg han til.

– Noko er det kvar dag, legg Robert til for eigen del.

Noko rekning blir det når det er snakk om over 100 kilometer med røyr på kvar plattform. Mesteparten av utrekningane skjer i dataprogramma dei bruker.

LES OGSÅ: Norske oljeselskap manglar tusenvis av folk

Lærer i praksis
Både Robert og Lars Kristian er samde i at praktisk erfaring er viktig.

Som sivilingeniør tok Robert fem års utdanning i Polen før han fekk seg jobb i Noreg. Han byrja på Ormen Lange-prosjektet, på Aukra. No har han vore i Noreg i sju år, og vore med på bygginga av H6-riggane på Kværner Stord og oppgraderinga av Scarabeo på Westcon i Ølen.

– På universitetet lærer du mykje, men det meste er tørr kunnskap. Den praktiske erfaringa hjelper mykje, seier Robert.

Lars Kristian byrja òg i Kværner (den gongen Aker Kværner) i 2006 på Ormen Lange.

Han har fagbrev innan elektro, og gjekk så fagskulen der han fekk ingeniørkompetansen.

– Det er stor fordel å ha praktisk bakgrunn. Mykje av det arbeidet me gjer, er å ha kjennskap til produksjonen.

– Etter kvart som eg har jobba her har eg fått læra mykje. Det er mange spennande arbeidsoppgåver og mange mulegheiter for å få reisa, seier Lars Kristian.

LES OGSÅ: Headhuntar studentar til oljebransjen

(saka held fram under bildet)


Lars Kristian og Robert i kontorlandskapet til røyravdelinga.

Druknar ikkje i mengda
Kværner på Stord er ein av dei største arbeidsplassane i Noreg. Er det lett å drukna i mengda?

Både Robert og Lars Kristian ristar på hovudet.

I røyravdelinga er dei kring 50 funksjonærar, der dei fleste er sivilingeniørar eller ingeniørar. Alle er delt inn i team.

– Det er kjekt på jobben, seier Robert.

Det synest Lars Kristian òg. Han fortel at han no for tida jobbar mykje opp mot Oslo, der delar av jobben blir gjort.

– Då blir det mange videokonferansar. Me har blitt flinke til å bruka elektroniske hjelpemiddel til å kommunisera med, seier han.

LES OGSÅ: – Utdanning viktigare enn olje

Karriere
– Det er mange spennande arbeidsoppgåver og mange mulegheiter for gode høve for å gjera karriere, legg Lars Kristian til.

Det siste stadfestar òg informasjonssjef i Kværner, Odd Naustdal.

– Det er veldig gode høve til karriere. Me er i rekrutteringsmodus og har kultur for å gje tilsette med evner og ambisjonar nye utfordringar.

Han seier òg at det er gode høve til å reisa, både i Noreg og utlandet.

– I Noreg er det hovudsakleg reising på landanlegg, offshore og til innkjøps- og engineeringskontora og hovudkontoret i Oslo. Prosjekta har normalt store innkjøp og underleveransar i utlandet som må følgjast opp. I tillegg har andre forretningsområde i Kværner prosjekt i utlandet som Stord sender folk til.

LES OGSÅ: Kva vil oljeboomen gjera med oss?

– Priceless
– Det er spennande å vera ein del av det norske oljeeventyret, seier Robert. Slik han ser det er Noreg på 1. plass innan oljeindustrien offshore.

– Eg er stolt over å vera ein del av dette.

– Priceless, seier han på engelsk.

Lars Kristian nikkar, og legg til:

– Det er her det er mange jobbar i Noreg no. Kværner har masse arbeid, og det gjev føreseielege rammer.

– Men olja vil ein gong ta slutt. Kva tenkjer det om det?

– Det er blitt sagt lenge at olja vil ta slutt, men ein finn heile tida meir. Men når olja tar slutt, vil det vera ei ny oppgåve for menneskeheita å finne nye energiressursar, seier Robert.

– Det vil vera eit stund til me finn noko anna som kan erstatta dei energiressursane som me treng. Kværner vil heilt sikkert vera blant dei som er på å finna desse, seier Lars Kristian.

QUIZ: Prøv deg på den store klimaquizen!

– Tenkjer de noko på kva olja som blir produsert av plattformene de byggjer er med på å endra klimaet?

– Det er det beste me har til no, seier Lars Kristian.

– Helse, miljø og tryggleik er noko me jobbar veldig mykje med. Då høyrer det òg med å verna miljøet, seier Robert, og held fram:

– Eg stolar på at teknologiutviklinga vil løysa problema.

Les meir om yrkesval her!