Skjerpings, H&M!

Synnøve Kvamme
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Dokumentaren «Kalla Fakta» avdekka i oktober uverdige arbeidstilhøve for tekstilarbeidarar i Kambodsja som slit seg gjennom 70-timars arbeidsveker for luseløn på 2-3 kr i timen. No viser nye avsløringar at situasjonen for H&M sine arbeidarar er desto verre i Bangladesh – der får arbeidarane under ei krone i timeløn. Ikkje rart H&M-sjef Stefan Persson er verdas åttande rikaste mann.

At verda er forskrudd er ikkje noko nytt. Likevel kjenner eg meg dolka i ryggen som tidlegare trufast kunde hjå H&M når det no har kome for ein dag korleis dei hjarterått utnyttar fattige menneske. Dei siste åra har H&M køyrt kampanjar som Fashion Against AIDS og Conscious Collection, som har skapt inntrykk av dei som ei miljøbevisst og etisk butikkjede. Dette vert berre usmakeleg, og så til dei grader dobbeltmoralsk når me no veit kor lite dei bryr seg om menneska som skapar grunnlaget for deira svimlande rikdom.

Trass i desse avsløringane prøver H&M, i eit desperat forsøk på å redda sitt eige omdøme, å spela offer. Dei visste så klart ingenting om tilhøva til tekstilarbeidarane, og uansett er det sjølvsagt ikkje deira oppgåve å sørgja for levelege arbeidsvilkår for menneska som brukar mesteparten av liva sine på å sy klede for dei. Det minste H&M kunne ha gjort for å bevara siste rest av respekt var å legga seg langflate, beklaga ovanfor arbeidarane og lova dyrt og heilagt og ordna opp i situasjonen. Det er på tide å gjera som Robin Hood og ta frå Stefan Persson og gje til tekstilarbeidarane. Berre med ei promille av formuen hans kjem ein langt. Inntil dette skjer, håpar eg mange gjer som meg og ignorerer både låge prisar og vakre mønster – og i staden går rett forbi H&M-butikkane, utan å sjå seg tilbake.

Les også: Vil du vera med på steiken, må du tola steiken