Piratpartiet har passert den magiske grensa på 5.000 underskrifter og blir no registrert som eit lovleg parti. Det betyr at partiet er klar for stortingsvalet neste år.

NPK-NTB
NPK-NTB

Piratpartiet kallar seg for eit digitalt-teknologisk parti og ønskjer blant anna å styrkje personvernet og gjere ikkje-kommersiell fildeling gratis. Kampen mot datalagringsdirektivet er også ei hovudsak.

Partiet mangla før helga fire underskrifter på å nå grense i lova på 5.000 underskrifter.

– Ved siste tømming av postboksen kom det inn 261 underskrifter til, seier leiar Geir Aaslid til digi.no.

LES OGSÅ: Piratpartia har stor suksess

Partiet heldt sitt første årsmøte i Oslo i helga, og no startar jobben med å etablere vallister til stortingsvalet.

Piratpartiet vart etablert i Sverige i 2006 av IT-gründeren Richard Falkvinge. Det har to representantar i Europaparlamentet. Partiet har mange medlemmer i Tyskland, der det fekk ein oppslutnad på 2 prosent i 2009-valet. (©NPK)

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.41

LES OGSÅ

ANNONSE