Desember er tida for å klage over at desember ikkje er det desember ein gong var.

mm

 

I år er det mellom anna nokon som har klaga over at det er for lite Jesus på NRK i adventstida. Og det er det jo. Til gjengjeld er det ganske mykje langrenn.

Men når det gjeld Jesus: Det er no ein gong slik at folk ikkje er så opptatte av denne Jesus. Slike påstandar er det lett å berre slenge ut, sjølvsagt. Men til ei forandring har eg denne gongen bakgrunn for eigne meiningar. For denne veka blei det offentliggjort statistikk som viser kva folk i Norge faktisk er opptatte av. I alle fall dei i Norge som googlar, og det er ganske mange. Listene over dei vanligaste nettsøka i Norge seier nok ganske mykje om kven vi er. Dette er dei fem mest søkte orda i 2012:

Facebook

Finn.no

Youtube

VG

Yr.no

Folk i Norge er altså opptatte av om det blir fint vêr. Medan vi ventar på fint vêr, fortel vi på facebook kor mykje vi gleder oss til det blir fint vêr for då skal vi innvie benken/stampen/grillen/kjelken e.l. vi kjøpte på finn. Medan vi ventar på at det skal bli bra nok vêr til å innvie benken/stampen/grillen/kjelken e.l. vi kjøpte på finn, sjekkar vi endå en gong om det har skjedd noko nytt eller om det finst ein video vi ikkje har sett før med ein katt som ser ut som eit menneske eller ein koreanar som dansar rart.

Det kanskje pussigaste med google si liste over dei mest googla orda i 2012, er at på sjuandeplass kjem «google». Det er altså ganske mange som googlar google. Det første som kjem opp då er google. Sånn at du kan google google ein gong til. Og slik kan du sikkert også halde det gåande i timevis medan vi ventar på betre vêr.

Interessant er også lista over dei mest populære søka som begynner med ordet «hvordan». Dei fire mest populære er:

Hvordan skrive cv

Hvordan skrive søknad

Hvordan slette facebook

Hvordan bli gravid

Altså kan det sjå ut til at folk i Norge er arbeidsledige og barnlause, sannsynligvis fordi dei bruker all tida si på facebook sjølv om dei prøver hardt å slutte med det.

På dei neste plassane på lista kjem spørsmål som «Hvordan regne prosent», «Hvordan skrive artikkel» og «Hvordan skrive essay», noko eg vil tru først og fremst viser at det er mange skuleelevar som bruker google. Eg tviler på om det er profesjonelle skribentar som googlar slikt. Sjølv om det er ein vakker tanke at ein av våre store skjønnlitterære forfattarar står opp, lagar seg ein kopp kaffi, stig inn i favoritt-tøflane sine, spaserer til heimekontoret, slår på PC-en, ser ut vinduet og tek nokre gode slurkar frå kaffikoppen før han dreg pusten godt inn, sett seg ned og startar arbeidsdagen med å taste inn i søkefeltet: «Hvordan skrive roman». 

For å summere opp, så ser folk i dag ut til å vere opptatte av godt vêr, gode venner, ein god jobb, nyheiter og lett underhaldning. Og av å løyse arbeidsoppgåvene sine og føre slekta vidare.

Dette er jo fine ting. Som viser at vi er sosiale vesen med samfunnsånd. Så i staden for å bekymre seg for at desember ikkje er som desember ein gong var, kanskje vi heller skulle samle oss om å tenke på framtidas desembrar, og lage ei ny desemberforteljing som vi kan dyrke i åra framover. Den kan godt bygge laust på ei gammal forteljing, om det kan gelde nokon. For eksempel slik:

«Det skjedde på den tida då keisaren såg på ‘Gangnam Style’ på youtube fleire gonger om dagen at han fann ut at han måtte gjere noko fornuftig. Så han bestemte at det skulle takast manntal over heile verda. Josef og Maria googla «Kva er manntal?», leita etter ein billigbillett til fødebyen sin på finn.no, og sjekka om det var venta godt vêr til turen. I same slengen fann dei ei fjong krybbe som kunne komme godt med sidan Maria blei med barn etter at ho googla og fann ut korleis slikt skal gjerast. Dei fortalde alle på facebook kor glade og fornøgde dei var. Så lovte dei kvarandre at etter nyttår skulle dei skrive cv-ar og søknader og bruke mindre tid på facebook. Maria grunna på dette og skreiv inn i søkefeltet ‘Hvordan bruke mindre tid på facebook’. 

Først publisert i Aftenposten 15. desember.

LES OGSÅ: Om Maria og Josef var på Facebook

LES FLEIRE ARE KALVØ-TEKSTAR!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.41

Kommentarar

ANNONSE