– Det er rett og slett frekt

Øystein Espe Bae
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Dårleg unnskyldning, seier Ragnfrid Trohaug, redaktør i Samlaget, og viser til at det er den nynorske barnelitteraturen som vinn flest prisar.

Ikkje gode nok
Leiaren for Leselystaksjonen, Kathrine Wegge, forklarer at det ikkje var viljen det stod på, når det kom til å inkludere nynorske bøker i årets aksjon. Tvert om:

– Vi var i dialog med Nynorsksenteret og var i utgangspunktet samde med dei i å finne to bøker på nynorsk i årets aksjon. Vi ville ha eit variert utval som var tilpassa ulike lesarar, men vi fann rett og slett ikkje to nynorskbøker sompassa godt nok, seier prosjektleiaren.

Les også: "Tonje Glimmerdal" selt til 11 land

– Frekt
Ragnfrid Trohaug er redaktør for barne- og ungdomslitteratur i Samlaget. Ho meiner Wegge må argumentere betre når ho hevdar at det ikkje finst fleire gode nynorske barnebøker:

– Å seie at dei leita etter gode bøker på nynorsk, men ikkje fann dei, får meg til å tru at dei faktisk ikkje har leita i det heile, eller har vore så dårleg orientert i årets utgivingar, at det er grunn til bekymring, meiner Trohaug.

Ho stiller fleire spørsmål ved forklaringsmodellen og argumentasjonen til Wegge og Leselystaksjonen, og opplever at utsegna om den manglande kvaliteten både er ufin, direkte feil og at den fungerer svertande på mange forfattarar.

– Den nynorske barne- og ungdomslitteraturen vinn mange prisar, både av ungdomsjuryar og vaksenjuryar. Då Terje Torkildsen vann U-prisen i år, var det den fjerde gongen ei nynorskbok vann prisen sidan oppstarten for seks år sidan. Det same gjeld Brageprisen, der fire av fem vinnarar dei siste åra har vore nynorske barnebøker, forklarer ho.

– Korleis kan det då stemme at det er for få gode bøker, spør ho vidare. 

– Dette viser at Leselystaksjonen må ha ein annan argumentasjon og forklaringsmodell viss dei skal late vere å inkludere nynorske bøker i aksjonen. Det er rett og slett frekt, slår ho til slutt fast.

Les også: – Nynorsk tvinga meg til å utvikle språket

Treng ikkje leite lenge
Den årlege Leselystaksjonen er er eit samarbeid mellom Forleggjarforeininga, Bokhandlarforeinga og Foreininga Les!. Den er den største av sitt slag i landet, og er meint å fremje god litteratur og leseglede på skular i heile landet.

Bøkene som har vore med i Leselystaksjonen 2012 er: Hjernen av Espen Dietrichs og Eirik Newth, Trash av Andy Mulligan, En pingles dagbok av Jeff Kinney, Spøkelsene på Frostøy av Hilde Hagerup og Mitt bankande hjarta av Alf Kjetil Walgermo. I tillegg kjem ei eiga bok for elevar med samisk hovudmål. 

Trohaug meiner ein ikkje skal leite lenge for å finne fram til nynorske bøker som er meir enn gode nok til å vere med i det gode selskap:

– Ser ein på den prisvinnande Villheks-serien til Lene Kaaberbøl, veterinærkrimen til Anne Viken, eller biletboka om Rosas Buss, av Fabrizio Silei og Maurizio A.C. Quarello (ill.), ser ein at Wegge ikkje kan ha leita så veldig lenge.

Les også: To brageprisar til nynorske bøker

– Kritikken er eit skot i blinde
Kathrine Wegge er ikkje samd med Trohaug i at dei har gjort ein for dårleg jobb med å leite etter nynorske bøker.

– Trohaug må gjerne meine at vi ikkje har gjort jobben. Men det er eit skot i blinde. Vi kjem til å ha ein liknande prosess også neste år, seier ho.

– Det handlar ikkje om at vi ikkje ville, slik Trohaug antyder. Vi har vore grundige, vi leita blant mange titlar, men vi klarte berre ikkje å finne nynorske bøker vi likte, sjølv om vi var veldig opne for det, legg ho til.

Ifølgje Wegge er det få spørsmål frå nynorskskulane til aksjonen om å få meir av materialet eller fleire av bøkene på nynorsk, men at dei likevel altså hadde planar om å få til ein større nynorskdel.

– Vi har gjort så godt vi kunne, men at vi kan ha oversett nokre bøker, kan jo hende. Men det er og blir eit subjektivt val for juryen, avsluttar leiaren for Leselystaksjonen.