Her er Bragevinnarane

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Brageprisen er på 75.000 kroner, og vinnarane får også Bragestatuetten. Prisen blir delt ut kvart år av stiftinga Den norske bokprisen, som har som formål å heidra ny, norsk litteratur.

Kveldens første vinnar blei Kari Stai (38) med prisen for beste barne- og ungdomsbok for Jakob og Neikob. Tjuven slår tilbake. Boka er gjeven ut på Samlaget. Stai kjem frå Inderøy i Nord-Trøndelag. Ho er illustratør, forfattar og biletkunstnar. Stai debuterte med barneboka Jakob og Neikob i 2008. For den mottok ho mellom anna Kulturdepartementet sin debutantpris og Inderøy mållag sin målpris. I 2010 kom Blodrik og Blodfabrikken – ei varm og artig historie om den einsame og blodsprengde kjempa Blodrik som får seg ein venn.

LES OGSÅ: Første app frå Samlaget

Linn T. Sunne vann prisen i open klasse for beste ungdomsbok, for Lille ekorn. Boka er gjeven ut på Gyldendal, og er den 16. i rekkja til den snart 41 år gamle forfattaren frå Kongsberg og Valldal på Sunnmøre. Sunne vann sist Brageprisen for barneboka Happy i 2007.

Lars Amund Vaage (60) fekk prisen for beste skjønnlitterære bok, for boka Syngja. «Syngja» er ein djupt personleg roman om å leva med ei dotter med autisme.

Vaage debuterte i 1979 med romanen Øvelse kald vinter. Tre år seinare slo han gjennom med romanen Fager kveldssol smiler. Han har sidan skrive ei rekke særeigne romanar, noveller, skodespel, barnebøker og dikt. Han er og gjendiktar. Han har motteke mange prisar for bøkene, mellom anna Kritikerprisen i 1995 for Rubato, og Aschehougprisen samme år, for Rubato blei han også innstilt til Nordisk Råds pris. 

Knut Faldbakken (71) fekk heidersprisen. Han debuterte med Den grå regnbuen i 1967. Sidan då har han gjeve ut fleire enn 35 bøker. Seks av bøkene hans har blitt til film.

Her ser du dei som vann Brageprisen i 2011!

Og her ser du dei som blei nominert i år!

Sjå reaksjonane på Twitter: