Pelsdyrnæringa dobla omsetnaden

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Prisen for minkskinn er no den høgste sidan 1987, seier marknadssjef Torkil C. Tveter i Norges Pelsdyralslag til Dagsavisen.

Medan den omstridde næringa omsette for 230 millionar kroner i 2009, 320 millionar året etter og 350 millionar i 2011, reknar næringa med at omsetnaden i 2012 har auka til heile 450 millionar kroner.

Dyrevernalliansen har rådd alle nordmenn frå å kjøpa eller bruka pels etter nye avsløringar i pelsdyrnæringa i haust. Men oppmodinga uroar ikkje Tveter.

– Dersom nordmenn sluttar å kjøpa pels, vil det ikkje påverka pelsdyrnæringa i Noreg. Det einaste som skjer er at nordmenn blir kalde, seier han.

LES OGSÅ: – Forbrukarane nyttar ikkje makta si

Skinnet frå Noreg endar nemleg sjeldan opp i norske butikkar, men hamnar i staden på auksjonar i Finland og Danmark. Her er oppkjøparar frå heile verda representert. Dei ferdige pelsprodukta blir gjerne produserte i land som Hellas og Hongkong.

At nordmenn blir kalde utan pels er både flåsete og kunnskapslaust sagt, seier informasjonsrådgjevar Karen Frivik i Dyrevernalliansen til avisa.

– På same måten som alle andre veit han at det er mange tiår sidan folk trong pels for å halda seg varm om vinteren. Etterspurnaden etter pels styrer marknaden. Når Noreg og resten av Europa tek avstand frå pels, vil antipelstrenden kunne spreia seg til Kina. Kina ser jo til Vesten, så på sikt vil pelshaldningane våre ha ein smitteeffekt på den internasjonale marknaden, seier Frivik. (©NPK)

Kva meiner du om pelsdyrhald?