Jublar over Ungdomskortet

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Me er særs glade for at dette vedtaket vart fatta, særleg med tanke på alt arbeidet me har lagt i denne saka. Ei høgare aldersgrense på Ungdomskortet vil føre til at fleire unge vaksne vel å ta buss i staden for å skaffe seg bil. Det vil fore til store reduksjonar av klimagassutslepp, seier Torgeir Vestre som er leiar i Møre og Romsdal Natur og Ungdom.

Brei politisk semje
Tidlegare i haust presenterte Natur og Ungdom for samferdslekomiteen eit krav om korleis dei ønskte at ungdomskortet skulle vere. Det ideelle ungdomskortet meiner det at har ei aldersgrense på 26 år og at det kostar 250 kroner.

Dette kravet var utarbeidd i samarbeid med alle ungdomspartia i fylket. På det same møtet vart det vedteke at samferdslekomiteen ville gå inn for å setje opp den øvre aldersgrensa til 22 år.

– Det er klart at kravet som me har utarbeidd saman med ungdomspartia har hatt påverknad på avgjersla. Eg trur politikarane gjer lurt i å lytte til ungdomspartia sine, det er trass alt me ungdom som er framtida til fylket, melder Vestre.

– Det er også godt å vite at om ein står på, så har ein faktisk politisk gjennomslagskraft som ungdom her i fylket, avsluttar han.

LES SAKA I VIKEBLADET!