Ynskjer forbod mot reklame for is og brus
Dersom Helsedirektoratet får det som det vil, vert det forbode å reklamere for brus, is, sjokolade, snacks, kjeks og feite hamburgarar.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Reklameforbodet skal gjelde dersom reklamane appellerer til barn. Det kjem fram i ei høyringsfråsegn som nyleg er gjort offentleg, skriv VG.
Bakgrunnen er eit forslag frå Helsedepartementet om å innføre forbod mot reklame for usunne produkt på fjernsyn og i andre medium.
Forbodet skal gjelde barn og unge under 18 år, men konsekvensen kan verte at det meste av det nordmenn koser seg med, og som fører til fedme, vert omfatta av forbodet.
Helsedirektoratet skriv i høyringsfråsegna at «regulering av marknadsføringa retta mot barn og unge av usunn mat og drikke er eit svært viktig tiltak i arbeidet med å motverke usunne kostvanar og usunn vektutvikling, og gjennom dette å verne helsa til barn og unge betre. Helsedirektoratet støttar forslaget om ny forskriftsregulering.»
Tal frå Folkehelseinstituttet syner at 19 prosent av 8-9-åringane har overvekt eller fedme, seier divisjonsdirektør Knut-Inge Klepp i Helsedirektoratet.
Forslaget har for lengst fått alarmklokkene til å ringe hjå dei store godteriprodusentane.
– Vi oppfattar forslaget som eit totalt marknadsføringsforbod mot det meste vi driv med. Reklame for all sjokolade vil kunne verte forbode trass i at vi ikkje driv retta marknadsføring mot barn, seier nordisk kommunikasjonssjef Kristian Hvilen i Mondelçz International (tidlegare Kraft Foods). (©NPK)
Kva synest du om forslaget?