Nominert til gjev pris
Nominasjonane til P2-lyttaranes romanpris er no offentleggjort. Forlaget Oktober har tre av seks nominerte til denne prisen.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Desse er: Eirik Ingebrigtsen for «Heimfall. Ei juleforteljing», Per Petterson for «Jeg nekter» og Kjersti Annesdatter Skomsvold for «Monstermenneske».
Dei andre nominerte er Pedro Carmona-Alvarez («Og været skiftet og det ble sommer og så videre»), Vigdis Hjorth («Leve posthornet!») og Atle Næss («Teltmakeren»).
Dei seks bøkene er valt ut av ein fagjury med Cille Biermann, Knut Hoem, Siss Vik, Arild Jonsjord, Anne Cathrine Straume, Leif Ekle og Marta Norheim.
Denne veka blir det plukka ut seks medlemmer til lyttarjuryen som skal kåre vinnaren i februar 2013. (©NPK)